Vi søkjer etter erfarne tunneldrivarar

Aurstad har fått nye tunneloppdrag og har difor behov for å styrkje laget vårt. Vi søkjer etter følgjande: formann tunnel, tunnelarbeidarar, anleggsmekanikar og sprøyteoperatørar med erfaring.

Vi søkjer etter erfarne tunneldrivarar 1

Om oss

Aurstad er eit norsk anleggsentreprenørkonsern som byggjer infrastruktur, som til dømes vegar og tunnelar, flyplassar, kraftanlegg og kommunaltekniske anlegg. Hovudkontoret vårt ligg i Hovdebygda i Møre og Romsdal, men vi har også kontor i Nordfjordeid, Ålesund og Bodø. Marknadsområdet vårt er hovudsakleg Vestlandet, men vi tek på oss prosjekt i store delar av Noreg.

Vi har om lag 150 tilsette i Aurstad. Arbeidarane er kjernen i firmaet og legg grunnlaget for suksessen vår. Difor er det viktig at dei tilsette våre har god kompetanse, er gode lag- og relasjonsbyggjarar og er motiverte. Vi treng arbeidarar som viser ansvar, tek initiativ og er engasjerte i arbeidet sitt. Dette er avgjerande for å skape effektiv drift i prosjekta våre.

Vi søkjer deg som helst har følgjande kompetanse/eigenskapar:

  • Fagbrev i fjell- og bergverksfaget
  • Praktisk erfaring med berginjeksjon for underjordsanlegg
  • S2 sprøytebetong til bergsikring
  • Bergsprengjarsertifikat
  • Førarkort kl. C
  • Kompetansebevis for masseforflyttingsmaskiner
  • ADR-sertifikat
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
  • Erfaring frå tilsvarande arbeid
  • Fokus på kvalitet og HMS
  • Engasjert og løysingsorientert
  • Sjølvstendig, men trivst også med å jobbe saman med andre med varierte oppgåver

Vi tilbyr:

  • Godt arbeidsmiljø
  • Ein innovativ arbeidsplass der du får vere med å skape
  • Ryddige bu- og arbeidsforhold
  • Konkurransedyktige vilkår med gode lønns- og pensjonsordningar, AFP-bedrift
Vi søkjer etter erfarne tunneldrivarar 2
Aurstad_2024_web-0887:
Vi søkjer etter erfarne tunneldrivarar 3
:
Vi søkjer etter erfarne tunneldrivarar 4
:
Vi søkjer etter erfarne tunneldrivarar 5
:
Vi søkjer etter erfarne tunneldrivarar 6
:

Søknadsfrist: Søknadar vert vurderte fortløpande

Kontaktinformasjon: Fagansvarleg tunnel Andor Ørstavik Håskjold, tlf.: 907 55 838

Kunne dette vore interessant for deg? Send oss ein søknad og din CV i skjemaet under: