Tildelt tunnelprosjekt i nord

Aurstad er tildelt oppdraget med å rehabilitere Nappstraumtunnelen i Lofoten – eit viktig og omfattande prosjekt på E10 mellom Vestvågøy og Flakstad.

Tildelt tunnelprosjekt i nord 1
E10 Nappstraumtunnelen bind saman Vestvågøya og Flakstadøya i Lofoten.

Saman med hovudentreprenør OneCo Infra AS skal vi stå for oppgraderinga av den 1780 meter lange undersjøiske tunnelen som går under Nappstraumen. Måndag 23. juni var det oppstartsmøte der vi gjekk igjennom arbeidet som skal gjerast i tunnelen.

Aurstad satsar i nord

Aurstad har realisert fleire ulike og unike prosjekt i store delar av Noreg, og heilt sidan etableringa av Aurstad har vi også gjennomført fleire prosjekt i nord. Aurstad er samtidig oppteken av å kome nærare prosjekta vi tek på oss, og opna tidlegare i år kontor i Bodø. Aurstad ser eit stort potensiale i marknaden i nord, og har ein ambisjon om å satse på fleire prosjekt i Nord-Noreg i tida framover.

– Vi har eit sterkt ønskje om å bidra til utviklinga i nord, og dette prosjektet er vonleg det første av mange viktige prosjekt vi kan vere med på realisere. Vi er stolte over å få vere med på eit så viktig prosjekt for regionen, seier Jo Stian Tverberg, administrerande direktør i Aurstad.

Behov for oppgradering

Nappstraumtunnelen blei opna i 1990 og har behov for omfattande rehabilitering og oppgradering etter dagens krav i Tunnelsikkerheitsforskrifta. Arbeidet omfattar mellom anna:

  • Utskifting av alt eksisterande teknisk utstyr
  • Montering av nytt ventilasjonsanlegg, lysanlegg, nødstasjonar og overvakingssystem
  • Etablering av ny vass- og frostsikring
  • Sprenging av nye havarilommer og tekniske rom

Tunnelen har eit lågaste punkt 63 meter under havoverflata, og ei stigning på opptil 8 prosent. Det krev både teknisk presisjon og solid erfaring frå liknande prosjekt – noko vi i Aurstad har opparbeidd gjennom mange år i fjell- og tunnelarbeid.

– Dette er eit prosjekt som passar oss særs godt, både i omfang og teknisk kompleksitet. Vi har med oss både erfaringa og kapasiteten som trengst for å gjennomføre oppdraget trygt og effektivt, seier Trond Mellem, prosjektleiar i Aurstad.

Tildelt tunnelprosjekt i nord 2
Trond Mellem er prosjektleiar for tunneloppgraderinga i Nappstraumtunnelen, og gleder seg til å kome i gang med arbeidet.

Klar for oppstart

Prosjektet startar opp i august 2025 og maskinar og utstyr skal etter planen fraktast nordover via sjøvegen frå Stavanger. Vi ser fram til å komme i gang, og til å levere eit trygt og moderne tunnelanlegg som vil tene Lofoten i mange år framover.

Tildelt tunnelprosjekt i nord 3
Måndag 23. juni var det oppstartsmøte i Arendal saman med OneCo. Aurstad ser fram til å samarbeide om prosjektet som skal rehabilitere Nappstraumstunnelen.

Aurstad har hatt fleire tunnelprosjekt dei siste åra. I 2025 har vi allereie satt i gang med to nye tunnelprosjekt – Selvågtunnelen og Hølleslitunnelen. Det blir fleire nye prosjekt, så følg gjerne med i tida framover.

For å få eit innblikk i Aurstad-livet, følg oss gjerne på Facebook for fleire oppdateringar frå prosjekta våre.