Møt: Ingvild Sofie Beck Langvatn

Ho har ei stor interesse for fjell, gardsbruk og gamle bilar. No driv ho garden heime i Volda ved sidan av å jobbe fulltid som geomatikar i Aurstad.

Møt: Ingvild Sofie Beck Langvatn 1
Ingvild Sofie blei i september fast tilsett som geomatikar i Aurstad. Vi er glade for at ho er ein del av laget vårt.

Når mange på same alder reiser til storbyen, trivst 27-åringen frå Volda best med å kombinere studiar, fjellturar, gard og volleyball i heimbyda. No ser ho fram til å jobbe for fullt som geomatikar i Aurstad.

– Eg trur eg alltid har vore litt påverka heimanfrå. Maskinar og praktisk arbeid har alltid fascinert meg, fortel ho med eit smil.

Heime på garden som ho driv saman med faren sin, er det både traktor, gravemaskin, lastebil, geiter, høner – og bier som produserer både egg og honning. Det er nok ingen overrasking at ho søkte seg mot bygg- og anleggsbransjen.

– Eg har alltid hatt folk rundt meg som jobbar innan bygg, anlegg, skogbruk og jordskifte. Det har gjort meg trygg på at dette er noko for meg også.

Kontorarbeid og praktisk arbeid i flott natur

Bakgrunnen hennar er ein bachelor i planlegging med fordjuping i GIS frå Høgskulen i Volda, etterfølgt av ein master i areal og eigedom ved Høgskulen på Vestlandet. Undervegs fekk ho verdifull erfaring i Sogn og Fjordane jordskifterett.

– Det var ei god blanding av kontorarbeid og praktisk arbeid ute i felten, noko eg trivst veldig godt med. Særleg når det inneber å jobbe tett på naturen.

Ho byrja i Aurstad i april 2025, først i 50 prosent stilling parallelt med masteroppgåva, og gjekk over i fast fulltidsstilling i september.

– Det var hektisk med oppgåveskriving og ny jobb samstundes, men det gjekk! Eg er stolt over å ha stått i det presset og komme ut på andre sida med både grad og fast jobb i handa.

Ein typisk dag i felt

Som geomatikar i Aurstad er kvardagen alt anna enn stillesitjande. Mykje av arbeidet skjer ute i felt, der ho samlar inn data og utfører kontrollar. Deretter ventar dokumentasjon og masseberekningar som blir brukt vidare i prosjektet.

– No jobbar eg på mitt første prosjekt der eg er aleine på anlegget, på motskift med ein annan geomatikar. Det er veldig lærerikt – og eg kjenner at eg likar det hektiske livet på anlegg.

Ho understrekar kor viktig det er med nøyaktigheit og kontroll i rolla som geomatikar.

– Ein geomatiker er viktig for at ting skal gå etter planen. Eg skal både kontrollere at ting blir gjort rett, levere data til maskinførar og prosjektleiar, og har ei viktig oppgåve for å skape tryggleik i ferdigstillinga av prosjektet.

Møt: Ingvild Sofie Beck Langvatn 2

Godt arbeidsmiljø

Samarbeidet med andre ute på anlegg er tett, og ho legg vekt på god dialog og forståing mellom faggruppene.

– Det er viktig at jeg stiller mange spørsmål for å forsikre meg om at eg forstår behovet til dei som jobbar med ulike tenester ute på anlegget. Og når det trengs, sleng eg gjerne på vaffeljernet og brygger kaffi til lunsjpausane. Mellom alt arbeidet er det viktig setje seg ned å prate i lag. Dette skapar eit godt arbeidsmiljø.

Ho beskriv miljøet i Aurstad som inkluderande og godt, og meiner det har hatt mykje å seie for korleis ho har kome inn i rolla si.

– Eg har blitt tatt veldig godt imot. Det er ein spesiell god følelse å få jobbe i ei lokal bedrift med røter i området eg kjem frå. Eg merkar også at geomatikk er eit område det blir satsa på, og det gir meg både tillit og faglege utfordringar.

Motivasjon i fjellet

Eit av prosjekta som har gjort ekstra inntrykk, var i Odda – der ho fekk jobbe inne i digre fjellhallar, med massive fjellmassar og lange tunnelar.

– Det var utruleg fascinerande. Å vere med på noko så stort, fysisk og konkret – det gjer inntrykk.

For ho er det motiverande å vite at ho bidreg til å leggje grunnlaget for konstruksjonane som ein dag står ferdige.

– Eg likar å sjå ting bli til. Og eg likar å vite at det eg gjer, har ein direkte verdi for prosjektet. Det gjer faget mitt – geomatikk – både spennande og viktig.

Møt: Ingvild Sofie Beck Langvatn 3
Ingvild Sofie jobba i sommar på prosjektet vårt i Selvågtunnelen. Ho synes det var spesielt kjekt å få moglegheita å byrje opplæringa si på eit lokalt prosjekt.