Møt: Ola-André Fløtre

Han har tatt med seg tryggleik, struktur og samarbeid frå livet til sjøs, og har det siste året vore ein viktig del av Aurstad-laget. No går Ola-André inn i ei ny og spennande rolle.

Møt: Ola André Fløtre 1

Eit langt liv på sjøen la grunnlaget for neste steg

Ola-André starta yrkeslivet som matroslærling i 1997, og blei verande på havet heilt fram til 2022 – dei siste åra som kranførar og sikkerheitsleiar på borerigg. Etterpå følgde to år som Project HSE Engineer i TFMC, der han jobba med utbyggingsprosjekt i Nordsjøen.

– Me budde i Oslo då, men bestemte oss for å flytte heim til Rovde der eg kjem frå. Då blei det naturleg å sjå etter nye moglegheiter, fortel han.

Samtidig dukka det opp ei stilling som prosjektstøtte i Aurstad.
– Eg har familie og vener som har jobba her, så eg kjente litt til selskapet frå før. Med bakgrunn frå prosjektleiing og interesse for bygg og anlegg, tenkte eg at dette kunne vere eit spennande steg vidare.

Overgangen frå hav til anlegg vart både lærerik og inspirerande.
– Eg har lært enormt mykje om anleggsdrift det siste året. Sjølv om eg har køyrt både gravemaskin og anna utstyr før, var dette ein ny bransje for meg, seier Ola-André.

Han starta på Sandesambandet, og har seinare vore med på bygging av gang- og sykkelveg på Averøy – to prosjekt som har gitt han brei erfaring på kort tid.
– Eg har fått oppleve mykje av det som skal til for å drive eit godt anleggsprosjekt.

Klar for nye utfordringar i ei ny rolle

No tek Ola-André steget vidare som anleggsleiar, noko han ser fram til med entusiasme.
– Eg gler meg aller mest til å vere meir ute i det operative. HMS og kvalitet er viktige fagfelt som eg har jobba mykje med, men eg trivst best når eg får vere med og skape – når eg kan bidra til å få det beste ut av folka rundt meg.

Han legg til at han set pris på å få bryne seg på nye oppgåver.
– Eg verdset eigenutvikling. Blir det for komfortabelt, kan ting fort bli litt kjedeleg. Nye utfordringar held meg skjerpa.

Møt: Ola André Fløtre 2
Ola-André Fløtre ser fram til å setje i gang arbeidet som ny anleggsleiar i Aurstad.

Om arbeidsmiljøet: – Folk som yter det lille ekstra

– På begge prosjekta eg har vore, har vi hatt eit veldig godt arbeidsmiljø. Eg vil spesielt trekkje fram dei som yter det lille ekstra for at vi skal nå måla våre. Det handlar ikkje berre om kroner og øre, men om innsatsen folk legg ned kvar dag.

Han meiner trivsel er nøkkelen til gode resultat.
– Når folk trivst, strekker dei seg også lengre. Eg trur det er noko av grunnen til at Aurstad gjer det så bra.

God planlegging – og rom for læring

Kva skal til for å lykkast med eit anleggsprosjekt?
– God planlegging frå start, motiverte folk, og leiing som får det beste ut av mannskapet. Det må vere korte beslutningsvegar og god prosjektstyring frå A til Å, seier Ola-André.

Han meiner også at læring må vere ein kontinuerleg del av prosessen.
– Det er viktig at vi tar med oss erfaringar vidare, slik at vi slepp å starte på nytt med dei same feila kvar gong.

Stolt av Sandesambandet

Når han blir spurt om eit prosjekt han er spesielt stolt av, kjem svaret raskt:
– Sandesambandet, utan tvil. Der var det litt av alt – mykje logistikk, fleire kaier, krevjande vêr og tidevatn som styrte arbeidsrytmen. Eg fekk også brukt erfaringa mi som kranførar, noko som kom godt med under løfteoperasjonane.

– Det var ei flott gjeng der. Slike prosjekt hugsar ein lenge – og tek med seg lærdom frå vidare, seier Ola-André.

Møt: Ola André Fløtre 3
:
Møt: Ola André Fløtre 4
:
Møt: Ola André Fløtre 5
:
Møt: Ola André Fløtre 6
:

Store moglegheiter for utvikling

Han meiner Aurstad legg godt til rette for fagleg og personleg vekst.
– Her er verkeleg moglegheiter for den som vil. Du får vere med på varierte prosjekt og kan bygge brei kompetanse over tid. Vi har mange fagområde internt, så du kan utvikle deg vidare utan å måtte bytte selskap.

Ein kan i prinsippet starte som lærling og ende opp som leiar – om ein vil det. Det seier litt om kultur og tillit.Ola-André Fløtre, anleggsleiar i Aurstad.

Variasjon og lagånd

Ein typisk arbeidsdag handlar om kombinasjonen mellom planlegging og utføring.
– Eg likar variasjonen – at dagane ikkje er for like. Nokre dagar er det mykje administrativt, andre dagar handlar det om å løyse utfordringar i felt. Eg likar å tenke utanfor boksen og finne løysingar saman med folk, seier Ola-Andre.

Han trekkjer også fram fellesskapet som ein viktig motivasjonsfaktor.
– Eg likar å jobbe med andre, bygge lag og dra i same retning mot eit felles mål.

På spørsmål om kva han set mest pris på ved å jobbe i Aurstad, kjem svaret utan å nøle:
– Folka. Målet må vere at ein har det best heime, men det skal heller ikkje vere så verst å gå på jobb. Og slik har eg opplevd det her, seier Ola-André.

– Av og til tek du ein telefon til ein kollega berre fordi det er triveleg å slå av ein prat. Det seier eigentleg alt om kor bra miljøet er.