Overlevering av lokalt tunnelprosjekt

I dag gjennomførte vi endeleg overlevering av Selvågtunnelen til Møre og Romsdal fylkeskommune.

Overlevering av lokalt tunnelprosjekt 1
Frå venstre: Isabell M. Standal (KHMS-rådgivar, Aurstad), Geir-Inge Bersås (Møre og Romsdal Fylke), Svein Skeide (Møre og Romsdal fylke), Øystein Tytingvåg (prosjektleiar, Aurstad).

Aurstad fekk i oppgåve å oppgradere Selvågtunnelen (1069m) – ein tunnel på fylkesveg 653 i Ulstein kommune i Møre og Romsdal. Tunnelen måtte utbetrast for å imøtekomme tunneltryggleiksforskrifta. Arbeida starta i byrjinga av året og blei ferdig i slutten av november. Arbeida i tunnelen blei gjort som kvelds- og nattarbeid, med arbeidstid mellom kl. 20.00 og 06.00 alle dagar.

Tunnel som tilfredsstillar alle krav

Tunnelarbeid er ei av mange tenester vi tilbyr i Aurstad, og noko vi har spesialisert oss på gjennom mange år. Rehabilitering av trafikkerte tunnelar er krevjande – både for oss og for trafikantane.

– Våre arbeidarar har jobba knallhardt over lang tid, funne gode løysingar undervegs og gjort ein særs god jobb i Selvågtunnelen, seier prosjektleiar, Øystein Tytingvåg.

Tunnelen tilfredsstiller no krava i mange år framover. Siste natt med kolonnekøyring var natt til 27. november. No står det berre att litt opprydding, tilstelling ute og nokre små utbetringar i tunnelen. Dette kan føre til nokre få kortare nattestengingar framover – ut januar.

Overlevering av lokalt tunnelprosjekt 2
Selvågtunnelen er no oppgradert og tilfredsstiller alle krav i tunnelforskrifta i mange år framover.

Nokon av tiltaka som har blitt gjort  i Selvågtunnelen:

 

  • Auka tverrsnittet i tunnelen og tatt ut ca 3000m3 fjell.
  • Sett over 2000 ny bolter som sikring.
  • Etablert trekkerøyr og ny vannleidning gjennom tunnelen.
  • Etablert reinseanlegg til tunnelen.
  • Etablering av mobildekning og nødnett.
  • Etablering av brannventilasjon i tunnelen.
  • Etablering av naudstasjonar for kvar 250 m.
  • Etablering av ny belysning.
  • Etablere høgdehinder og bommar på utsida av tunnelen.
  • Utskifting av vatn- og frostsikring og forsterking av bergsikringa i tunnelen.
  • Ny asfalt og vegmerking
  • Etablering av betongsføringskant
  • Bygging av to nye tekniske bygg på utsida av tunnelen.
  • Auke frihøgda i tunnelen.

Spennande prosjekt – med eit godt resultat

Det lokale tunnelprosjektet har vore eit spennande prosjekt for Aurstad. Prosjektleiar i prosjektet er særs nøgd med arbeidet som har blitt gjort og rosar samarbeidet.

– Våre fagfolk har gjort ein eineståande jobb frå start til slutt, og vi er veldig fornøgd med resultatet. Vi i Aurstad ønskjer å takke byggherre og dyktige underentreprenørar for eit godt samarbeid, seier Øystein Tytingvåg.