Urbakkfoten-prosjektet overlevert
I dag gjennomførte vi overlevering til byggherre. Urbakkfoten har no fått store forbetringar i teknisk infrastruktur og tilrettelegging for nytt bustadfelt.
Eit variert og omfattande arbeid
Etter 1,5 år med anleggsdrift er prosjekt Urbakkfoten no overlevert til Volda kommune. Prosjektet har strekt seg frå Engeset/Klepp i vest til Håmyra i aust, og har omfatta både tradisjonelt kommunalteknisk arbeid og tilrettelegging for eit heilt nytt bustadfelt.
– Dette har vore eit omfattande, men veldig spanande prosjekt, og vi er stolte av å få utføre så viktige infrastrukturtiltak i vårt eige nærområde, seier prosjektleiar Pål-Are Vadstein.
I løpet av perioden er det lagt ned over sju kilometer nye vass- og avløpsrøyr, inkludert tilknyting til eksisterande busetnad og stikkleidningar til dei komande tomtene. Like lang strekning med trekkerør er etablert, og rundt 100 kummar er sett ned.
Tryggleik, straum og sikring av overvatn
Prosjektet har òg sikra straumforsyning og infrastruktur for framtidige bustader. Ny nettstasjon er plassert ved brua over Håmyrelva, og gatelys er førebudd langs vegane i feltet.
Over terrenget er det etablert ein 400 meter lang avskjæringskanal for å leie overvatn bort frå bustadområdet.
– Vi har lagt stor vekt på å sikre området mot overvatn og skape robuste løysingar som varer i mange år, forklarar Vadstein.
I dag gjennomførte Aurstad overlevering med Volda kommune, som er byggherre for prosjektet. Anleggsleiar i Aurstad, Stian Rørstad, har stålkontroll på alt arbeidet som har blitt gjort på Urbakkfoten.
Skjerma bustad
Store delar av prosjektet har også handla om tilpassing til terrenget. Natursteinsmurar, flettverksgjerde og solide betongkonstruksjonar er bygde for å handtere høgdeskilnader og verne busetnaden langs Engesetgeila. I tillegg er to nye garasjemurar og støyskjermar monterte.
Eitt kilometer kommunal veg er bygd og opprusta, og asfaltert med to lag asfalt. For dei yngste innbyggjarane er det sett opp leikeplassutstyr i det nye bustadfeltet.
Takksame for godt samarbeid
Vadstein rettar stor takk til både kommunen, samarbeidspartnarar og innbyggjarane i området.
– Vi har hatt eit godt kontraktsforhold med Volda kommune som byggherre, og vi set stor pris på det konstruktive samarbeidet gjennom heile prosjektet, seier han. Han legg også til at naboane har vist imponerande tolmod og god dialog i anleggsperioden.
No er brakkeriggen i ferd med å bli fjerna, og anleggsområdet blir avslutta.
– Vi håpar at dei nye løysingane og bustadfeltet vil vere til stor glede for komande husbyggjarar og framtidige bebuarar i Volda, seier Vadstein.


