Aurstad skal byggje nytt kraftverk

Føssaberget kraftverk i Vang i Valdres har fått grønt lys for utbygging, og Aurstad er tildelt totalentreprisen for prosjektet.

Aurstad skal byggje nytt kraftverk 1
Elva Storåne i Begna-vassdraget skal byggjast ut til kraftproduksjon frå Rogn til Tveit i Vang i Valdres. Her skal vi drive anlegg om lag 450 moh., i vonleg stabilt og godt innlandsklima

Ansvar for prosjektering og bygging

Prosjektet er utvikla av Clemens Kraft, som er byggherre i prosjektet, og omfattar bygging av eit nytt vasskraftverk i Storåne i Begnavassdraget.

Føssaberget kraftverk skal byggjast i Vang i Valdres, om lag 450 meter over havet. Kraftverket vil nytte eit fall på rundt 24 meter i Storåne og er planlagt med ein årleg produksjon på om lag 18 GWh. Det tilsvarar straumforbruket til rundt 1 000 husstandar.

Aurstad har fått oppdraget som totalentreprenør etter kontraktstandarden NS 8407, og vil ha ansvar for både prosjektering og bygging av anlegget.

– Vi er svært glade for å få denne kontrakten. Føssaberget kraftverk er eit viktig prosjekt for fornybar kraftproduksjon i regionen, og vi ser fram til å starte arbeidet saman med Clemens Kraft, seier Jo Stian Tverberg, administrerande direktør i Aurstad.

Aurstad skal byggje nytt kraftverk 2
Tverberg ser fram til å setje i gang arbeidet med det nye kraftverket i Valdres. Arbeidet startar allereie denne veka, og Aurstad-maskinene står klare til å ta imot dei dyktige arbeidarane våre.

Fleire tiltak

Blant arbeida som skal gjennomførast, er bygging av ein inntaksdam i betong med tilhøyrande inntakskonstruksjonar. Elvevatnet skal leiast til inntaket gjennom etablering av ein 63 meter lang terskeldam bygd i kurve. Frå inntaksdammen skal vatnet førast ned til kraftstasjonen gjennom ein om lag 750 meter lang tunnel, som vi skal drive fram gjennom hausten. Frå tunnelløpet skal vatnet førast vidare i ei 120 meter lang røyrgate ned til kraftstasjonen. Denne røyrgata skal gravast ned og vil såleis vere skjult i terrenget.

Prosjektet omfattar også etablering av tekniske installasjonar knytte til kraftverket, samt nettilknyting til straumnettet. Heile utbyggingsstrekket vil vere om lag 1,5 km.

Aurstad skal byggje nytt kraftverk 3
Perspektivskisse frå området med kraftstasjonsbygget opp for Tveit og der vatnet kjem ut etter at det har gått i ein tunell frå Rogn til Tveit. Foto: Clemens Kraft/Arkitekter i SaHAA

Tilrettelegging i området

Utbygginga inneber også fleire tiltak i terrenget rundt kraftverket.

Det skal etablerast rundt 350 meter med ny tilkomstveg i området, samtidig som om lag 150 meter eksisterande veg skal rustast opp. Inntakssystemet vil òg ha ei omløpsordning for fiskevandring. Her vil det bli lagt til rette for både opp- og nedvandring av fisk. Å oppretthalde fiskevandring er viktig i samband med realiseringa av prosjektet.

Vassvegen i prosjektet vil i hovudsak gå i tunnel, noko som reduserer inngrepa i terrenget langs elva.

Overskotsmassar frå tunneldriving og anna utgraving vert deponerte i eit godkjent massedeponi i direkte nærleik til anlegget. Transporten av massar vert difor minimal, noko som er positivt for naturen og det omliggande miljøet.

Aurstad skal byggje nytt kraftverk 4
Områda skal i stor grad revegeterast og tilbakeførast til opphavleg tilstand når arbeida er ferdige. Det vil bli gjennomført ei rekkje avbøtande tiltak for å minimere risikoen for nemneverdig negativ påverknad på naturen i området.
Aurstad skal byggje nytt kraftverk 5
Kraftstasjonen består av betong og tre. Det er kun øvste etasje som vil stå over terreng, og byggegropa vil vere djup. Turbinkjellar og maskinsal vil vere gjenfylt av massar og vil for det meste vere skjult i terrenget. I samarbeid med Vang Energi etablerer vi lavspentanlegg til kraftstasjon og damkonstruksjon.

To års byggetid

Begnavassdraget er eit av dei større vassdraga i Sør-Noreg, med tilsig frå fjellområda i Valdres og Jotunheimen før elva Begna renn vidare sørover. Arbeidet med kraftverket er planlagt med ei byggetid på om lag to år. Når anlegget står ferdig, vil det bidra med ny, fornybar kraftproduksjon i Valdres-regionen.

Aurstad har gjennom fleire år opparbeidd seg brei erfaring med bygging av kraftanlegg og andre komplekse infrastrukturprosjekt. Mannskapet sett i gang med arbeidet allereie denne veka.

–  Aurstad har brei erfaring med bygging av kraftanlegg og andre komplekse anleggsprosjekt. Prosjekt som dette passar godt med kompetansen vår innan tunnelarbeid, betongkonstruksjonar og tekniske installasjonar, seier Tverberg.

Kontrakten for Føssaberget kraftverk styrkjer selskapet si satsing innan energirelaterte prosjekt og gir eit solid prosjekt i porteføljen dei komande åra.

– Vi ser fram til eit godt samarbeid med Clemens Kraft i gjennomføringa av prosjektet. Målet vårt er å levere eit effektivt og solid kraftanlegg som vil produsere rein energi i mange år framover, avsluttar ein fornøgd Tverberg.

Følg oss på Facebook for fleire nyheiter, ledige stillingar og eit godt innblikk i Aurstad-livet.