Aurstad søkjer etter erfarne betongarbeidarar

Vi har aukande aktivitet og fleire nye prosjekt innan anlegg og infrastruktur. Derfor ønskjer vi no å styrkje laget vårt med dyktige og motiverte betongarbeidarar.

Aurstad søkjer etter erfarne betongarbeidarar 1

Om oss

Aurstad er eit norsk anleggsentreprenørkonsern som byggjer infrastruktur som vegar og tunnelar, flyplassar, kraftanlegg og kommunaltekniske anlegg. Hovudkontoret vårt ligg i Hovdebygda i Møre og Romsdal, og vi har også kontor i Nordfjordeid, Ålesund og Bodø. Marknadsområdet vårt er hovudsakleg Vestlandet, men vi tek på oss prosjekt i store delar av Noreg.

Vi er om lag 150 tilsette i Aurstad. Arbeidarane våre er kjernen i selskapet og legg grunnlaget for suksessen vår. Difor er det viktig for oss å ha medarbeidarar med høg fagkompetanse, gode samarbeidsevner og stoltheit for faget sitt.

Hos oss får du vere med på spennande og varierte prosjekt saman med dyktige kollegaer i eit solid entreprenørmiljø.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:

  • Forskaling, armering og støyping
  • Produksjon og utføring av plasstøypt betong
  • Montering av betongelement
  • Kontroll og kvalitetssikring av eige arbeid
  • Aktiv deltaking i HMS-arbeid og sikker drift på prosjekt
  • Samarbeid med kollegaer og arbeidslag for effektiv produksjon

Vi søkjer deg som helst har følgjande kompetanse/eigenskapar:

  • Fagbrev innan betongfaget (lang erfaring kan kompensere)
  • Erfaring frå anleggs- og betongarbeid
  • Fokus på kvalitet og HMS
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Strukturert og løysingsorientert arbeidsstil
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B

Det er ein fordel dersom du også har:

  • Erfaring frå større anleggsprosjekt
  • Kompetansebevis for maskiner
  • Kurs innan varmearbeid, fallsikring, anhuker og stroppekurs, stillas, personløfter/lift, truck T1-T4
  • Tårnkran G2 , Traverskran G4
  • Kompetansebevis innan utførelse av betongkonstruksjonar U1, U3, U5

Vi tilbyr

  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Spennande prosjekt og varierte arbeidsdagar
  • Ein innovativ arbeidsplass der du får vere med å skape
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Ryddige bu- og arbeidsforhold
  • Konkurransedyktige vilkår med gode lønns- og pensjonsordningar
  • AFP-bedrift
Aurstad søkjer etter erfarne betongarbeidarar 2
:
Aurstad søkjer etter erfarne betongarbeidarar 3
:
Aurstad søkjer etter erfarne betongarbeidarar 4
: Har du lyst å bli ein del av vår geomatikkavdeling?
Aurstad søkjer etter erfarne betongarbeidarar 5
:

Søknadsfrist: Søknadar vert vurderte fortløpande

Kontaktinformasjon: Martin Kroken Nesje, Avdelingsleiar for Konstruksjonar, tlf.: 47631709

Kunne dette vore interessant for deg? Send oss ein søknad og din CV i skjemaet under: