Aurstad søkjer driftskoordinator
Vil du ha ei variert og viktig rolle i kvardagen til prosjekta våre? Vi søkjer no ein strukturert og løysingsorientert driftskoordinator som vil få ansvar for rigg, forpleining, utstyr og praktisk drift knytt til prosjekta våre.
Dette er ei allsidig stilling med både administrative og praktiske arbeidsoppgåver. Du vil vere ein viktig støttefunksjon for prosjekta og bidra til at både mannskap, bustadriggar og utstyr fungerer godt i det daglege.
Om oss
Aurstad er eit norsk anleggsentreprenørkonsern som byggjer infrastruktur som vegar og tunnelar, flyplassar, kraftanlegg og kommunaltekniske anlegg. Hovudkontoret vårt ligg i Hovdebygda i Møre og Romsdal, og vi har også kontor i Nordfjordeid, Ålesund og Bodø. Marknadsområdet vårt er hovudsakleg Vestlandet, men vi tek på oss prosjekt i store delar av Noreg.
Vi er om lag 150 tilsette i Aurstad. Arbeidarane våre er kjernen i selskapet og legg grunnlaget for suksessen vår. Difor er det viktig for oss å ha medarbeidarar med høg fagkompetanse, gode samarbeidsevner og stoltheit for faget sitt.
Hos oss får du vere med på spennande og varierte prosjekt saman med dyktige kollegaer i eit solid entreprenørmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Som driftskoordinator vil du mellom anna arbeide med:
- koordinering og administrasjon av rigg og bustadløysingar
- oppfølging av reinhald, sengetøy og forpleining
- klargjering, kontroll og vedlikehald av riggar, vogner og utstyr
- bestilling og oppfølging av arbeidstøy, rekvisita og diverse driftsutstyr
- støtte og koordinering opp mot prosjekt og mannskap
- enkle vaktmeister- og vedlikehaldsoppgåver inkludert området i Hovdebygda
- logistikk og praktisk oppfølging ved flytting og klargjering av riggar
- kontakt med leverandørar og samarbeidspartnarar
- oppfølging/reinhald av kantine i Hovdebygda
Stillinga vil variere mellom administrative oppgåver og praktisk arbeid ute i drift.
Vi ser etter deg som
- er strukturert og har god orden
- trivst med varierte arbeidsdagar
- er sjølvstendig og tek ansvar
- er praktisk anlagt og løysingsorientert
- har gode samarbeidsevner
- likar å støtte og koordinere for andre
- har grunnleggande digital kompetanse
- Erfaring frå drift, rigg, logistikk, vaktmeisterarbeid eller administrasjon er ein fordel, men ikkje eit krav.
Vi tilbyr
- ei variert og sjølvstendig stilling
- eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
- moglegheit til å påverke og utvikle eigne arbeidsområde
- konkurransedyktige vilkår
- ein viktig funksjon i eit solid og framtidsretta selskap
Arbeidsstad
Hovdebygda, med oppfølging av prosjekt og riggområde ved behov.
Interessert?
Søknadsfrist: Snarast
Kontaktinformasjon:
Torunn Melle, lønns- og personalansvarleg, tlf. 965 13 950
Therese Holen, mannskapskoordinator, tlf. 915 69 700
Kunne dette vore interessant for deg? Send oss ein søknad og din CV i skjemaet under:


