Aurstad etablerer kontor i Ålesund
Aurstad er i stor vekst. Vi får fleire medarbeidarar og vinn stadig nye spennande prosjekt. No utvidar vi og flyttar inn i nytt kontorlandskap i Breivika i Ålesund.
Hovudkontoret til Aurstad ligg i Ørsta, men no kan dei tilsette også ta i bruk eit nytt og moderne kontorlandskap i Ålesund.
– Det er utruleg spennande for oss å kunne etablere kontor i ein større by og inn i ein viktig marknad for Aurstad. Å opne eit nytt kontor i Ålesund gir oss både fleksibilitet og nærheit til prosjekta vi held på med, seier Jo Stian Tverberg, administrerande direktør i Aurstad.
Fleire prosjekt i regionen
– Aurstad er ei kompetansebedrift med eit stort potensiale. Med å opne nytt kontor i Ålesund, ønsker vi å tiltrekke oss kompetanse og kapasitet i eit spennande marknad i større delar av fylket, seier Jo Stian Tverberg.
Aurstad har fleire prosjekt gåande i regionen, og no har vi satt i gang fleire spennande prosjekt i området rundt Ålesund. Vi er godt i gang med arbeidet med nytt hovudinngangsparti ved Ålesund sjukehus, samtidig som vi utfører grunnarbeidet på det nye parkeringshuset rett ved. Før sommaren skreiv vi også under på ei kontrakt med Ålesund kommune på oppstart på Kongshaugen, og det arbeidet er godt i gang.
Utkikk etter nye medarbeidarar
Nærheit til kontoret er viktig for noverande medarbeidarar, men også ved rekruttering av nye medarbeidarar i framtida.
-Vi har eit sterkt og kompetent fagmiljø i Aurstad, som vi ønsker skal ha ein mest mogleg praktisk arbeidskvardag. Vi har fleire tilsette som bur og jobbar i Ålesund-området. Ved å etablere kontor i Ålesund, blir det i tida framover mogleg å kombinere kontorstad i Ålesund og Ørsta, seier Jo Stian Tverberg.
Aurstad har for tida om lag 125 tilsette i bedrifta og vi ønsker å skape enda fleire arbeidsplassar i distriktet.
-Vi ser stadig etter nye medarbeidarar og ønsker at enda fleire dyktige fagfolk skal bli ein del av laget vårt, seier Jo Stian Tverberg.