Møt: Aurstad Maskinutleige og verkstaden vår
Bak kvart anleggsprosjekt i Aurstad står det eit system som sørger for at maskiner og utstyr er i god stand og på rett plass til rett tid. Møt Aurstad Maskinutleige og verkstaden vår!
Aurstad Maskinutleige
Aurstad Maskinutleige AS vart etablert i 2018, i kjølvatnet av ei omorganisering i Aurstad det same året. Dette er dotterselskapet til Aurstad AS, på lik linje som Aurstad Tunnel. I dag er Aurstad Maskinutleige den verksemda som kjøper, eig og sel alle maskiner og maskinutstyr for Aurstad-konsernet. I tillegg til dette har Aurstad Maskinutleige ansvaret for drift av verkstaden vår i Hovdebygda, men også maskinflytt for interne og eksterne kundar.
Sjølve drifta i dagens form kom først på plass hausten 2019 då Paul Robert Rotevatn starta som dagleg leiar i Aurstad Maskinutleige. Men for han var ikkje Aurstad noko nytt.
– Eg var faktisk første gong på lønningslista her som 16-åring, då eg hadde sommarjobb som handmann i 1995. Etter det har eg vore i anleggsbransjen heile livet, med mange år i leiande stillingar hos ein av dei store riksentreprenørane, fortel han.
Eit viktig steg i denne omorganiseringa var å etablere Aurstad Maskinutleige som eit sjølvstendig selskap under konsernet.
– Det handlar i stor grad om å få plassert maskinkostnadane rett i prosjekta. Når vi har tydelege leigekostnader får prosjekta eit meir bevisst forhold til kva dei faktisk treng – og kva som berre er “kjekt å ha”, seier Paul Robert.
Investering og risikostyring
– Vi må bruke kapitalen vår på det som gir mest verdi. Maskindrift er eit fagfelt i seg sjølv, og skil seg frå den operative entreprenørdrifta. Difor er det naturleg å samle dette i eit eige selskap, seier Paul Robert.
Han peikar også på at dette gir konsernet betre risikostyring.
– Entreprenørverksemda opererer ofte i kortsiktige prosjekt, medan maskininvesteringar er langsiktige og kapitalkrevjande. Ved å skilje dei funksjonelt har vi fått meir kontroll og meir tydelegheit.
Planlegging og koordinering
Ein arbeidskvardag med mykje logistikk og mange val. Dagane til Rotevatn er langt frå statiske.
– Mykje av tida går til planlegging og koordinering: kva maskiner skal kvar, kven treng noko nytt, kva må vi leige, og kva kan vi kvitte oss med?
Paul Robert deltek i faste møte med prosjektleiarane for å sjå kvar behovet er størst. Samstundes har han tett kontakt med leverandørar – både om reklamasjonar, reparasjonar og innkjøp.
– Vi driv ein butikk og det må fakturerast og holdast orden i økonomien. Det gjeld alt frå maskinleige til skadehandtering og maskintransport. Det er mykje logistikk som må klaffe. Dårleg logistikk kostar pengar og tapt produksjon, seier han.
Investering og sal av maskiner og utstyr er noko som krev ein del tid og kunnskap. Det handlar både om økonomi, behov, driftssikkerheit og miljø. Aurstad Maskinutleige har eit aktivt forhold til eigarskapet til alle maskiner dei eig og omløpshastigheita er ganske stor. Dei tilpassar maskinparken løpande i forhold til behovet til prosjekta dei vinn/sluttfører i Aurstad Tunnel.
– Nyare maskiner må stette både våre eigne og kunden sine krav til utslepp. Vi ser typisk etter leverandørar med solid servicenett, pålitelege serviceavtalar og at maskinene gir eigar tilgang til driftsdata som forbruk og tomgangstid.
Miljøomsyn er også ein aukande faktor i vurderingane. Aurstad har ein moderne bilpark på rundt 75 varebilar. Av dei er nokon elektriske, men det blir nok enda fleire etter kvart som det kjem betre el-varebilar med firehjulstrekk og tilstrekkeleg hengarvekt. Vi har også samarbeidspartnarar som kan levere elektrisk utstyr til prosjekt med slike krav.
Verkstaden - hjartet i maskinparken
Ute på anlegga i våre prosjekt må maskinene levere – og når noko går gale, må det rettast opp raskt. Verkstaden i Hovdebygda er difor ein heilt sentral del av Aurstad sitt maskinsystem.
– Verkstaden har ei nøkkelrolle i å halde utstyret i drift, seier Rotevatn. Mykje av utstyret er spesialisert, og berre ein liten del er dekka av serviceavtalar. Vi har drift sju dagar i veka, til alle døgnets tider – då er det heilt avgjerande å ha eigne folk med rett kompetanse.
Spennande kvardag i verkstaden
Rune Hjelle er verksmeister for verkstaden i Hovdebygda, og har hatt ansvaret sidan 2018. Heilt sidan 1988 har han jobba som mekanikar og verksmeister hos Trucknor Stryn. Han skryt av miljøet og arbeidskvardagen på verkstaden vår i Hovdebygda.
– Det er supert arbeidsmiljø her. Vi har det kjekt, og får stadig nye utfordringar i arbeidskvardagen, seier Rune Hjelle.
Det finst knapt noko som heiter ein vanleg dag på verkstaden.
– Dagen kan ofte snu på eit blunk. Vi tek alle utfordringar på strak arm, og det gjer jobben både utfordrande og spennande. Vi utfører alt frå sveisearbeid, ombyggingar og feilsøking med datautstyr, til ordinær service, dekkarbeid og reparasjonar. Når vi er ute i felt, må vi ofte løyse ting med det vi har tilgjengeleg – og det krev kreative og løysingsorienterte folk.
For den rette personen kan verkstaden vere ein svært lærerik arbeidsplass, meiner Rune.
– Vi har ikkje to like dagar. Det er variert, praktisk, og du må bruke hovudet. Det er alltid noko nytt å bryne seg på, avsluttar han.
Akkurat no har vi ei ledig stilling, så vi vil gjerne høyre frå deg som har lyst å bli med i gjengen!



