Aurstad ser nordover

Vi ønsker å konkurrere om fleire nye prosjekt i marknaden i Nord-Noreg. No har Aurstad etablert eit nytt kontor i nord.

Aurstad ser nordover 1
Administrerande direktør i Aurstad, Jo Stian Tverberg, har mange planar for Aurstad i marknaden i nord.

Spennande marked

Vi har i mange år hovudsakeleg tatt på seg prosjekt på Vestlandet og Sør-Noreg. Likevel har Aurstad god kjennskap til marknaden i nord gjennom å ha gjennomført fleire prosjekt i Nord-Noreg. Aurstad har eit ønske om å byggje samfunnsutviklande prosjekt, og med å sjå til marknaden i nord, opnar det mange nye moglegheiter for å utvikle prosjekt i store delar av landet.

– Aurstad har alltid hatt eit sterkt ønske om å bidra til utvikling, og ved å satse i Nord-Noreg opnar vi opp for mange nye moglegheiter. Vi ser ein interessant marknad og vi ønsker å vere ein del av dette. Samtidig har vi god kjennskap til marknaden i nord, og med lokale ressursar ser vi fram til å utvikle prosjekt som kan gjere ein forskjell i denne delen av landet, seier Jo Stian Tverberg.

Opnar nytt kontor i Bodø

Aurstad ønsker alltid å leggje til rette for ein mest mogleg praktisk arbeidskvardag for prosjektleiinga vår i gjennomføringa av våre prosjekt. Dette gir både fleksibilitet og nærleik til prosjekta vi held på med. Sidan vi satsar på fleire prosjekt i Nord-Norge, opnar Aurstad opp eit nytt kontor i Bodø. Vi tilsette nyleg ein ny prosjektleiar/forretningsutviklar som skal jobbe frå Bodø-kontoret og vere tett på våre kommande prosjekt i Nord-Noreg.

Frå før av har Aurstad godt etablerte kontor i Hovdebygda, Nordfjordeid og i Ålesund for våre tilsette.

Ny prosjektleiar og forretningsutviklar

Trond Mellem blei tilsett som ny prosjektleiar/forretningsutviklar i Aurstad i januar. Han skal jobbe frå kontoret i Bodø og tett opp i mot prosjekt vi konkurrerer om i marknaden. Med fleire år med erfaring frå bransjen, er Trond eit solid tilskot for Aurstad si prosjektleiing.

Aurstad ser nordover 2
Trond er godt i gang med arbeidet på det nye kontoret i Bodø. Han er veldig fornøgd med korleis han blir tatt imot av sine nye medarbeidarar.

– Eg er veldig fornøgd med avgjersla om å byrje i Aurstad. Eg hadde fleire gode samtalar med leiinga og eg følte at dei ønska å ha meg med på laget. Då var det ekstra motiverande for meg å velje Aurstad, seier Trond Mellem.

Det var fleire ting som gjorde at Aurstad var det riktige valet for Trond.

– Korte vegar til avgjersle og ei kontinuerleg og tett involvering var noko som tiltalte meg veldig. Det at eg får vere med å utvikle bedrifta videre, og det å føle at ein blir både høyrd og sett, gjer at eg føler at dette passa veldig godt for meg. Eg tenkjer at min allsidige bakgrunn kjem til sin rett i Aurstad.

– Det var rett i arbeid frå nyåret, og eg har innleiingsvis jobba mykje med innkjøp i forbindelse med oppstart av nye prosjekt. Eg har fått veldig god kontakt med mine kompetente medarbeidarar i Aurstad. Mottakinga har rett og slett vore fantastisk, seier ein særs fornøgd Trond.

Det er rom for ein «ny» storentreprenør i nord.Trond Mellem, prosjektleiar og forretningsutviklar i Aurstad

Mange moglegheiter for Aurstad

Trond er fødd og oppvaksen i Kabelvåg i Lofoten, men har budd i Bodø sidan 2006. Han har mange års erfaring frå anleggsbransjen og særs god kjennskap til marknaden i nord. Trond ser mange moglegheiter for Aurstad i Nord-Noreg, og er allereie godt i gang med arbeidet frå det nye kontoret i Bodø.

-Det er ein vaksande marknad i nord. I dei komande åra skal det brukast betydelige summar på ulike samferdselsprosjekt, berre i Salten. Desse store prosjekta har ein tendens til å binde opp mykje kapasitet i nærområda, og konkurransen på mellomstore prosjekt blir mindre. Eg tenkjer det er behov for ein “ny” storentreprenør i nord, seier Trond.

Vi kjem tilbake med fleire spennande nyheiter frå Nord-Noreg. Det er berre å følgje med.

I mellomtida – følg oss gjerne på Facebook: