Aurstad søkjer driftskoordinator

Vil du ha ei variert og viktig rolle i kvardagen til prosjekta våre? Vi søkjer no ein strukturert og løysingsorientert driftskoordinator som vil få ansvar for rigg, forpleining, utstyr og praktisk drift knytt til prosjekta våre.

Aurstad søkjer driftskoordinator 1

Dette er ei allsidig stilling med både administrative og praktiske arbeidsoppgåver. Du vil vere ein viktig støttefunksjon for prosjekta og bidra til at både mannskap, bustadriggar og utstyr fungerer godt i det daglege.

Om oss

Aurstad er eit norsk anleggsentreprenørkonsern som byggjer infrastruktur som vegar og tunnelar, flyplassar, kraftanlegg og kommunaltekniske anlegg. Hovudkontoret vårt ligg i Hovdebygda i Møre og Romsdal, og vi har også kontor i Nordfjordeid, Ålesund og Bodø. Marknadsområdet vårt er hovudsakleg Vestlandet, men vi tek på oss prosjekt i store delar av Noreg.

Vi er om lag 150 tilsette i Aurstad. Arbeidarane våre er kjernen i selskapet og legg grunnlaget for suksessen vår. Difor er det viktig for oss å ha medarbeidarar med høg fagkompetanse, gode samarbeidsevner og stoltheit for faget sitt.

Hos oss får du vere med på spennande og varierte prosjekt saman med dyktige kollegaer i eit solid entreprenørmiljø.

Arbeidsoppgåver

  • Som driftskoordinator vil du mellom anna arbeide med:
  • koordinering og administrasjon av rigg og bustadløysingar
  • oppfølging av reinhald, sengetøy og forpleining
  • klargjering, kontroll og vedlikehald av riggar, vogner og utstyr
  • bestilling og oppfølging av arbeidstøy, rekvisita og diverse driftsutstyr
  • støtte og koordinering opp mot prosjekt og mannskap
  • enkle vaktmeister- og vedlikehaldsoppgåver inkludert området i Hovdebygda
  • logistikk og praktisk oppfølging ved flytting og klargjering av riggar
  • kontakt med leverandørar og samarbeidspartnarar
  • oppfølging/reinhald av kantine i Hovdebygda

Stillinga vil variere mellom administrative oppgåver og praktisk arbeid ute i drift.

Vi ser etter deg som

  • er strukturert og har god orden
  • trivst med varierte arbeidsdagar
  • er sjølvstendig og tek ansvar
  • er praktisk anlagt og løysingsorientert
  • har gode samarbeidsevner
  • likar å støtte og koordinere for andre
  • har grunnleggande digital kompetanse
  • Erfaring frå drift, rigg, logistikk, vaktmeisterarbeid eller administrasjon er ein fordel, men ikkje eit krav.

Vi tilbyr

  • ei variert og sjølvstendig stilling
  • eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
  • moglegheit til å påverke og utvikle eigne arbeidsområde
  • konkurransedyktige vilkår
  • ein viktig funksjon i eit solid og framtidsretta selskap

Arbeidsstad

Hovdebygda, med oppfølging av prosjekt og riggområde ved behov.

Aurstad søkjer driftskoordinator 2
Aurstad_2024_web-0334:
Aurstad søkjer driftskoordinator 3
:
Aurstad søkjer driftskoordinator 4
:

Interessert? 

Søknadsfrist: Snarast

Kontaktinformasjon:

Torunn Melle, lønns- og personalansvarleg, tlf. 965 13 950

Therese Holen, mannskapskoordinator, tlf. 915 69 700

Kunne dette vore interessant for deg? Send oss ein søknad og din CV i skjemaet under: