Aurstad tildelt kontrakt på Brattvåg ferjekai
Aurstad er tildelt eit nytt sjøprosjekt i Møre og Romsdal, knytt til utviklinga av ferjesambandet Brattvåg–Dryna.
Aurstad er tildelt entreprisen for utdjupingsarbeid ved Brattvåg ferjekai i Haram kommune. Prosjektet er ein del av Møre og Romsdal fylkeskommune si satsing på å modernisere ferjesambandet mellom Brattvåg og Midsund.
Målet er å leggje til rette for ny og meir moderne ferjeflåte gjennom tekniske og strukturelle tilpassingar av begge kaiane i sambandet.
Skal klargjere for ny kai
Ved Brattvåg skal det etablerast ny kai ved sida av eksisterande anlegg. For å gjere dette mogleg må sjøområdet utdjupast.
Denne entreprisen omfattar sjølve utdjupingsarbeidet, ikkje bygging av den nye kaia. Arbeidet vil i hovudsak bestå av masseflytting under vatn og sprenging av fjell i sjø, samt noko mindre sprengingsarbeid på land.
Når arbeidet er ferdig, skal det vere etablert fri djupn ned til sju meter under havoverflata i heile arbeidsområdet.
Krev presisjon og god koordinering
Ferjekaien i Brattvåg er i dårleg forfatning og treng ei sårt tiltrengt oppgradering for å møte moderne krav til drift, sikkerheit og framtidig bruk. Arbeidet krev nøye planlegging og presisjon, sidan ferjedrifta skal gå som normalt gjennom heile perioden.
Prosjektet omfattar mellom anna:
- Til- og nedrigging av naudsynt utstyr, inkludert eigen lekter
- Reinsk av sjøbotn og fjerning av lausmassar
- Boring og undervassprenging
- Utlasting og handtering av sprengde massar
- Tilpassing av salver med særleg omsyn til rystingar og nærleik til eksisterande kai
- Mindre sprengingsarbeid på land
– Eit oppdrag som treff kjernekompetansen vår
Administrerande direktør Jo Stian Tverberg meiner prosjektet passar godt for Aurstad:
– Dette er eit teknisk krevjande prosjekt med undervassarbeid, sprenging og gjennomføring tett på eksisterande infrastruktur og aktiv ferjedrift. Slike oppdrag krev erfaring, presisjon og god planlegging. Vi har solid kompetanse innan både sjøarbeid og kompliserte anleggsgjennomføringar, og ser fram til å levere eit trygt og godt resultat i Brattvåg, seier Tverberg.
Prosjektet representerer eit viktig bidrag til ei meir framtidsretta og robust ferjeløysing i regionen. Aurstad ser fram til å ta fatt på arbeidet og bidra til vidare utvikling av ferjeinfrastrukturen i fylket.
Arbeidet i sjø kan tidlegast starte 1. mai, og prosjektet skal etter planen vere ferdigstilt innan 10. juli. Den korte gjennomføringstida krev effektiv mobilisering og tett oppfølging frå første dag.
For å få eit innblikk i Aurstad-livet, følg oss gjerne på Facebook for fleire oppdateringar frå prosjekta våre.