Deloverlevering på Sandesambandet
27. november var ein stor og viktig dag for Sandesambandet.
Denne dagen var ein retteleg merkedag, der vi fekk deloverlevert to av ferjekaiene til byggherre Møre og Romsdal fylkeskommune – Åram ferjekai og Kvamsøya ferjekai.
-Det har vore ein storjobb å kome så langt i gjennomføringsfasen, men du verda kor givande det er når vi endeleg kan overlevere ferdig bygg til kunden vår, seier prosjektleiar Pål Are Vadstein.
Med dette nærmar vi oss fort komplett ferdigstilling av alle fire kaier i dette givande prosjektet, og heile prosjektet går no for alvor mot ein slutt. No er det berre to kaier som står att, nemleg Voksa og Larsnes. Arbeidet og ferdigstillinga av prosjektet vil halde fram i desember. Prosjektleiar Pål Are Vadstein er veldig fornøgd med korleis arbeidet har gått og har klokketru på arbeidet vidare:
Det er ingen tvil om at det er mykje arbeid som skal gjennom hendene til våre dyktige folk, men det skal vi klare!
Fakta om prosjektet
Sandesambandet går mellom Larsnes, Åram, Voksa og Kvamsøy i kommunane Sande og Vanylven. Ferjekaiene i sambandet var i dårleg teknisk stand og stod ovanfor nødvendig oppgradering. Frå 2025 blir det satt inn større ferje med kapasitet på 50 personbilar.
- På Voksa og Larsnes er omfanget på arbeidet størst. Store delar av dei eksisterande kaiene blir riven, før nye stålkaier etablerast.
- På Kvamsøya og Åram skal eksisterande betongkaier forlengast.
- På alle kaiene vert det mudra og utdjupa på havbotnen. Brubåsane blir breiddeutvida for å kunne montere større bruer.