Møt: Ola Vik Aarseth
Med stor interesse for bygg og anlegg, teknologi og eit hjarte for heimbygda, flytta Ola heim for å bli avdelingsleiar i geomatikk for Aurstad.

Ola er født og oppvaksen i Volda og heilt sidan sitt første møte med anleggsbransjen som hjelpemann hos Aurstad i 2006, har han hatt ei stor interesse for bygg og anlegg. Her blei han også veldig oppteken av teknologi og kartlegging. Etter å ha tatt utdanning innan geomatikk og jobba med base i Bergen i 14 år, tok han med seg familien og venda snuta heimover. For i 2024 fekk Ola tilbod om å bli Aurstads avdelingsleiar innan geomatikk.
– Då eg fekk moglegheita til å jobbe i Aurstad, var det ein sjanse eg ikkje kunne la gå frå meg. Aurstad er kjend for sitt innovative miljø og sitt sterke fokus på utvikling av fagområdet geomatikk. Dette tiltalte meg veldig.
Fant si retning
Geomatikk var eit ukjent fagområde for Ola, og han seier at hans val av geomatikkutdanning var litt tilfeldig, men at han aldri har angra på valet sitt.
– Eg blei raskt fascinert fordi det kombinerte teknologi og praktisk arbeid på ein spennande måte. Eg valde geomatikk som fagområde, fordi det gir meg moglegheita til å jobbe med avanserte teknologiar og bidra til viktige prosjekt. Bygging av infrastruktur er ei konkret oppgåve som viser igjen når du er ferdig med prosjektet.
Ola er stolt over fagfeltet sitt og ser uante mogleheiter innan geomatikk. No oppmodar han fleire til å gå same veg.
– Viss du liker ein kombinasjon av arbeid på kontor og ute i felt, og kanskje har interesse for teknologi, bygg og anlegg og det å skape noko, så bør du verkeleg vurdere å søke deg til geomatikk. Som geomatikar får du ein unik vinkling på prosjekta, og du får påverka prosjektet frå start til slutt. Det er i tillegg eit stort behov for fleire geomatikarar i anleggsbransjen.
Eg valde geomatikk som fagområde fordi det gir meg moglegheita til å jobbe med avanserte teknologiar og bidra til viktige prosjekt.Ola Vik Aarseth, avdelingsleiar for geomatikk
Rolla som avdelingsleiar
Ein geomatikar jobbar som oftast på eitt eller fleire prosjekt, og tek del i prosjektet som ein del av prosjektleiinga. Ola trekk fram nokre av hans eigne hovudoppgåve i laget:
– Eg jobbar tett med teamet for å sikre at vi leverer nøyaktige og pålitelege data. Mi rolle inneber å legge til rette for og støtte geomatikarane som er i prosjekt. Eg skal legge til rette for at dei har den faglege støtta som dei treng for å utføre eit godt arbeid.
Ola trivst veldig godt i rolla som avdelingsleiar. Samtidig legg han til at dette først om fremst er eit samarbeid mellom dyktige personar med varierte kunnskap innan eit bredt spekter i geomatikkfaget.
Avansert teknologi og kompetanse
Ola peikar spesielt på eit godt fagleg samarbeid i geomatikkavdelinga og på tvers av fagområde i bedrifta, som ein nøkkelfaktor for suksess.
– Det som gjer geomatikkavdelinga vår sterk, er det tette samarbeidet og den høge kompetansen i teamet. Vi har eit godt samarbeid med andre avdelingar i Aurstad, noko som gjer at vi kan levere heilskaplege løysingar til kundane våre. Geomatikaren i Aurstad blir raskt gode på prosjektgjennomføring på grunn av det tette samarbeidet med resten av prosjektleiinga.
Geomatikkavdelinga i Aurstad bruker avansert teknologi for å støtte prosjekta på ein best mogleg måte. Dette er også eit satsingsområde i Aurstad.
– Vi bruker avansert teknologi som dronar, GPS, totalstasjon, laserskannar og spesialiserte dataprogramvare. Desse verktøya gir oss moglegheita til å samle inn og analysere data på ein effektiv måte, noko som forbetrar nøyaktigheita og kvaliteten på arbeidet vårt.
Arbeidsmiljø og trivsel
Ola er opptatt av at alle i geomatikkavdelinga skal få den oppfølginga dei treng, men han har eit stort fokus på av at dei skal trivast godt i arbeidskvardagen.
– Arbeidsmiljøet i geomatikkavdelinga er veldig positivt og støttande. Vi har gode moglegheiter for fagleg utvikling gjennom kurs og vidareutdanning, og det er alltid rom for å ta på seg nye utfordringar, seier Ola.
Geomatikkavdelinga er opptatt av å få fagleg påfyll. No nyleg var dei på Gemini-konferansen i Trondheim, og der fekk Ola seg ei skikkeleg overrasking. Han blei nemleg tildelt Årets Innovasjonspris av Volue.
Ola har ambisiøse planar for geomatikkområdet i Aurstad. Oppdatert teknologi og brei kunnskap i laget er noko han verdsett høgast i tida framover.
– Vi ønskjer å vere leiande innan bruk av ny teknologi og utvide våre tenester. Målet er å bli ei av dei mest anerkjende geomatikkavdelingane i bransjen, og vi jobbar kontinuerleg med å forbetre oss.