Møt: Stian Rørstad

Sidan 2014 har han vore ein del av Aurstad – og dei siste sju åra har han hatt rolla som anleggsleiar.

Møt: Stian Rørstad 1

Med fartstid frå både rådgjevarbransjen og ulike spennande anleggsprosjekt, har han etter kvart fått eit nært forhold til både faget og folka. Stian Rørstad er ein av dei som får hjula til å gå rundt på anlegga våre – og som sørgjer for at produksjonen er både effektiv og trygg.

Bakgrunn og vegen inn i Aurstad

Etter endt utdanning jobba han tre år som byggingeniør hos eit konsulentselskap. Etter dette søkte Stian etter nye utfordringar og byrja å sjå seg om etter noko nytt – og Aurstad var eit naturleg alternativ.

– Eg har alltid hatt sansen for anleggsdrift, og Aurstad har vore eit kjent namn for meg lenge. Dei har mange ulike prosjekt, og eg visste at det var eit solid firma med godt arbeidsmiljø og eit sterkt samhald. Etter eit intervju fekk eg tilbod om stilling, og starta tidleg i 2014. Sidan har eg hatt fleire ulike ansvarsoppgåver – og dei siste sju åra har eg vore anleggsleiar.

Prosjekt både høgt og lavt

Gjennom åra har det blitt mange prosjekt, men enkelte skil seg ut:

– Eit av dei første eg fekk ansvaret for var rehabiliteringa av Dam Strandevatn i Hol kommune i 2018. Det ligg nesten 1000 meter over havet, og der oppe er det lite infrastruktur. Det var eit krevjande, men veldig spennande prosjekt.

Han trekker også fram utbygginga av Salten transformatorstasjon, der Aurstad hadde tre ulike entreprisar:

– Det var svært lærerikt og ga eit godt innblikk i eit komplekst prosjekt, seier Stian.

Møt: Stian Rørstad 2
Dam Strandevatn i Hol Kommune er eit av prosjekta som Stian trekk fram som spesielt spennande å arbeide med. Her var han anleggsleiar i prosjektet.

Kva gjer ein anleggsleiar – eigentleg?

Som anleggsleiar har du det daglege ansvaret for drift på anleggsplassen. Det inneber både planlegging, produksjonsoppfølging, kontakt med byggherre og koordinering av ressursar.

– Du må like å ha ansvar, og vere komfortabel med å ta avgjersle. Det handlar om å halde hovudet kaldt og løyse problem når dei oppstår – og det gjer dei heile tida.

Han legg ikkje skjul på at det krev sin person, men han trivst med utfordringane:

– Det beste med rolla er å vere tett på produksjonen, og at det stadig dukkar opp nye oppgåver som må løysast. Det gjer at dagane aldri er like – og det likar eg godt.

Arbeidsmiljø og moglegheiter

Stian er tydeleg på at Aurstad ikkje berre er ein arbeidsplass.

– Eg vil seie at det gode samhaldet er noko av det som skil seg mest ut. Det er eit fellesskap på prosjekta våre som eg set stor pris på. Aurstad er ein arbeidsstad der dine arbeidskollegaer også er av dine aller næraste vener.

På spørsmål om kva som gir mest meining i jobben, svarar han:

– Det må vere kombinasjonen av stadig nye utfordringar, og det å få møte så mange folk både i og utanfor konsernet.

Møt: Stian Rørstad 3
Stian trekk fram det gode arbeidsmiljøet på anlegg som ein viktig faktor for trivsel i Aurstad.

Når det kjem til utviklingsmoglegheiter, er han også tydeleg:

– I Aurstad er det absolutt moglegheiter for å utvikle seg vidare – både fagleg og personleg. Leiinga støttar opp om kompetanseheving, og prosjekta i seg sjølv er svært lærerike. Ingen er like.

 

Har du lyst til å bli ein del av laget vårt?  Sjekk ut her: