Nytt prosjekt i Ålesund
Aurstad har fått ansvaret for første byggesteg for eit av landets første svanemerka kontorbygg.
Næringsbygg på Holssletta
Aurstad har fått ansvaret for første byggesteg på eit nytt næringsbygg på Holssletta, som er det første næringsområdet du møter ved E39 og porten til Ålesund og Moa.
I går rigga vi oss til med maskiner og anna utstyr, og gjengen som skal jobbe på prosjektet Holssletta var på plass.
Næringsbygget blir eit av landets første svanemerka kontorbygg. Det betyr særs strenge krav til kvalitet, miljøbelastning og byggeprosess. Noko som passar Aurstad veldig godt.
Det er Veidekke som er totalentreprenør og Ulsmo AS som er byggherre i prosjektet. Aurstad er underentreprenør og skal klargjere tomta. Det skal i første omgang leggast om høgspent, nytt VA-nett og tillegg etablere nytt veg- og parkeringsareal.
Vi gleder oss til å sette i gang arbeidet og ser fram til eit godt samarbeid med Veidekke og Ulsmo AS.