Nytt prosjekt i nord
Vi har fått tildelt eit nytt oppdrag i nord, og ser fram til å setje i gang med eit nytt ferjekai-prosjekt i regionen.
Oppgradering av ferjesamband
Prosjektet inneber elektrifisering og oppgradering av sambandet Festvåg–Misten i Nordland. Ferjesambandet kryssar Mistfjorden i Bodø kommune. Området skal no utvidast ved å etablere ein høgare fjellskjering og med eit stort uttak av masse. Denne steinen skal brukast til utviding av eksisterande veg i Valvikdalen.
I tillegg skal tekniske installasjonar leggjast til området under den nye skjeringskanten. Det skal byggjast eit teknisk bygg, og eksisterande servicebygget skal flyttast eit stykke frå dagens plassering. Det må i tillegg etablerast ny fundamentering, nytt avløp og tilførsel til dette bygget.
Prosjektet omfattar ei rekkje ulike tenester, blant anna sprenging, graving, massetransport, flytting av servicebygg, elektroarbeid, betongarbeid, grunnarbeid, asfalt, beplanting og anleggselektro.
Fotfeste i regionen
Trond Mellem blir prosjektleiar, og meiner dette er eit oppdrag som passar godt med Aurstad si kompetanse. Aurstad etablerte eit nytt kontor i Bodø dette året, og han meiner at dette prosjektet kan bli eit av mange i regionen i tida framover.
– Her har vi moglegheit til å realisere prosjektet i eigenregi i stort sett alle tiltak som skal gjerast i prosjektet. Det er også viktig for oss med eit fotfeste i regionen, for det blir nok mange nye prosjekter her i løpet av dei neste åra, seier prosjektleiar Trond Mellem.
Arbeidet startar med tilrigging på anlegget og klargjering for anleggsveg i Valvikdalen før jul. Etter det går vi i gang med full produksjon i løpet av januar.
Byggherre for prosjektet er Nordland fylkeskommune. Vi ser fram til å kome i gang med arbeidet, og er allereie godt i gang med planlegginga.
Dette prosjektet er det andre Aurstad har blitt tildelt i Nord-Noreg i år. Vi er også godt i gang med oppgraderinga av Nappstraumtunnelen i Lofoten.
Følg oss gjerne på sosiale medier for fleire oppdateringar rundt arbeidskvardagen i Aurstad!