Overlevering av Dam Børevatn
Tysdag 6. november hadde vi overlevering av prosjektet vårt i Sørbrandal til byggherre.
Rehabilitering av dam
Dam Børevatn er inntaksmagasin for Sørbrandal kraftverk og ligg i Vanylven kommune. Vi fikk i oppgåve å rehabilitere dammen.
-Vi har gjort fleire tiltak og er veldig fornøgd med resultatet. Eit spennande prosjekt frå start til slutt, i flotte omgivnader, seier prosjektleiar i prosjektet, Morten Reindal.
Følgande tiltak blei gjort:
- Avgraving av eksisterande dam.
- Heving av dammens tettekjerne.
- Etablering av nytt krone- og skråningsvern på oppstraums- og nedstraums side.
- Grunnarbeid for instrumentering og oppfølging av damanlegget. Etablering av poretrykksmålere i dammens damkrone og nedstraumsskråning.
- I forbindelse med dei planlagte fyllingsarbeidene blei det opna eit steinbrot kor produksjon av massar gikk føre seg. Overskotsmasse frå anlegget ble brukt til gjenfylling og tilbakeføring av steinbrotet.
Aurstad takkar byggherre Sunnmøre Energi AS for eit godt samarbeid og håpar på fleire prosjekt saman ved ei seinare anledning.