Overlevering av Dam Sætrevatn
I førre veke hadde vi overlevering av prosjektet Dam Sætrevatn til byggherre.
Rehabilitering av dam
Eksisterende Dam Sætrevatn måtte rehabiliteres. Det har difor blitt bygd ein ny dam bestående av 13 massivdamseksjonar, fyllingsdam, eit nytt overløp og 2 kapper med innfylt steinmassar. Vi er no ferdig med dette flotte prosjektet.
-Vi synes at det har blitt eit flott resultat som oss alle kan vere stolte over. Vi har jobba godt med utfordringane som prosjektet har gitt oss og løyst dei på ein god måte, seier prosjektleiar, Christian Otterlei.
Følgande tiltak blei gjort:
-
- Etablering av fangdam og system for forbislepp av vatn i byggeperiode.
- Avgraving av lausmassar og reinsk av fjell oppstraums og nedstraums.
- Etablering av fangdam og system for forbislepp av vatn i byggeperiode.
- Fjerning av gamal betong/steindam.
- Støyp 13 seksjonar med massivdam på fjell.
- Nytt overløp.
- Støyp av nytt flaumløpsplate med ovale ledeveggar
- 2 kappestøyper med innfylde steinmassar
- Innstøyping av luke og nytt lukehus med gangbru og trapp for tilkomst.
- Fyllingsdam med betongkjerne på lausmasser for tetting av lekkasjar mot eksempelvis terreng. Rundt betongkjerna er det fylt med støttefylling og erosjonssikra med plastring.
- Etablering av lekkasjemålssystem.
- Dammen har også blitt gjerda inn.
- Planering og tilstelling av areal
- Totallengde på dammen er ca. 100m
- Det var prosjektert med 40 tonn armering og brukt 85,7 tonn. Betongsvolum var prosjektert med 450m3, men blei 1041,1m3
–Vi ønsker å takke byggherre og konsulentar for eit godt samarbeid, seier prosjektleiar, Christian Otterlei.
Aurstad ønsker også O. A. Devolds Sønner AS lykke til med drifta av anlegget.