Overlevering av lokalt tunnelprosjekt
I dag gjennomførte vi endeleg overlevering av Selvågtunnelen til Møre og Romsdal fylkeskommune.
Aurstad fekk i oppgåve å oppgradere Selvågtunnelen (1069m) – ein tunnel på fylkesveg 653 i Ulstein kommune i Møre og Romsdal. Tunnelen måtte utbetrast for å imøtekomme tunneltryggleiksforskrifta. Arbeida starta i byrjinga av året og blei ferdig i slutten av november. Arbeida i tunnelen blei gjort som kvelds- og nattarbeid, med arbeidstid mellom kl. 20.00 og 06.00 alle dagar.
Tunnel som tilfredsstillar alle krav
Tunnelarbeid er ei av mange tenester vi tilbyr i Aurstad, og noko vi har spesialisert oss på gjennom mange år. Rehabilitering av trafikkerte tunnelar er krevjande – både for oss og for trafikantane.
– Våre arbeidarar har jobba knallhardt over lang tid, funne gode løysingar undervegs og gjort ein særs god jobb i Selvågtunnelen, seier prosjektleiar, Øystein Tytingvåg.
Tunnelen tilfredsstiller no krava i mange år framover. Siste natt med kolonnekøyring var natt til 27. november. No står det berre att litt opprydding, tilstelling ute og nokre små utbetringar i tunnelen. Dette kan føre til nokre få kortare nattestengingar framover – ut januar.
Nokon av tiltaka som har blitt gjort i Selvågtunnelen:
-
Auka tverrsnittet i tunnelen og tatt ut ca 3000m3 fjell.
-
Sett over 2000 ny bolter som sikring.
-
Etablert trekkerøyr og ny vannleidning gjennom tunnelen.
-
Etablert reinseanlegg til tunnelen.
- Etablering av mobildekning og nødnett.
- Etablering av brannventilasjon i tunnelen.
- Etablering av naudstasjonar for kvar 250 m.
- Etablering av ny belysning.
- Etablere høgdehinder og bommar på utsida av tunnelen.
- Utskifting av vatn- og frostsikring og forsterking av bergsikringa i tunnelen.
-
Ny asfalt og vegmerking
-
Etablering av betongsføringskant
- Bygging av to nye tekniske bygg på utsida av tunnelen.
- Auke frihøgda i tunnelen.
Spennande prosjekt – med eit godt resultat
Det lokale tunnelprosjektet har vore eit spennande prosjekt for Aurstad. Prosjektleiar i prosjektet er særs nøgd med arbeidet som har blitt gjort og rosar samarbeidet.
– Våre fagfolk har gjort ein eineståande jobb frå start til slutt, og vi er veldig fornøgd med resultatet. Vi i Aurstad ønskjer å takke byggherre og dyktige underentreprenørar for eit godt samarbeid, seier Øystein Tytingvåg.