Overlevering av prosjekt

Måndag 11. oktober hadde vi overlevering av prosjektet Ny hovudtilkomst ved Ålesund sjukehus til byggherre.

Overlevering av prosjekt 1

Eit framtidsretta prosjekt

Dette er eit spennande og framtidsretta prosjekt og det første steget på vegen mot ei stor oppgradering rundt Ålesund sjukehus. No blir hovudtilkomsten knytt saman med området i rundt, det nye parkeringshuset og kollektivknutepunktet. Hovudtilkomsten har blitt universelt uforma og legg til rette for trygge ganglinjer, ryddig køyremønster og oversikteleg kryssing av vegen.

Vi har hatt med oss solide samarbeidspartnarar i dette prosjektet. Deriblant Norconsult, Rørtek AS, Acel AS, Sandal AS, Møre Entreprenør AS og Veidekke Industri. Vi ser fram til å vise dronefoto av det ferdige resultatet.

Aurstad takkar også byggherre Helse Møre og Romsdal for eit godt samarbeid og håpar på fleire prosjekt saman ved ei seinare anledning.

Overlevering av prosjekt 2
Det er mange som har bidratt i dette prosjektet. Det vart smil, tommel opp og godkjent overlevering denne dagen, frå nokon av dei som har bidratt godt i prosjektet.