Overlevering av Sandesambandet
Torsdag 19. desember hadde vi overlevering av Sandesambandet til byggherre.

Viktig minepæl
Den 27. november vart ferjekaiene på Kvamsøya og Åram deloverlevert til Møre og Romsdal fylkeskommune. Den 19. desember blei alle fire kaiene på Sandesambandet overlevert til byggherre, og det store fylkeskommunale ferjeprosjektet er nesten heilt i mål. I januar vil det siste arbeidet fullførast og prosjektet Sandesambandet vil stå heilt ferdig. Det var ein nøgd kunde og entreprenør som hadde overlevering i går.
– Dette har vore hektisk og effektiv anleggsdrift over eitt og eit halvt år, i eit umåteleg givande og spennande prosjekt. Det er ei fantastisk kjensle å levere eit godt resultat til kunden vår, i eit viktig prosjekt som vi er så stolte av å kunne utvikle. Det er nettopp dette som gjer at vi igjen og igjen gyv laust på nye prosjekt, seier Pål-Are Vadstein, prosjektleiaren vår i prosjektet.
Omfattande tiltak i eit viktig prosjekt
Vi har bygd to heilt nye ferjekaier og oppgradert to. Totalt fire kaier har vore ein del av dette omfattande prosjektet (Åram, Voksa, Kvamsøya og Larsnes). Sandesambandet står no klar til å ta imot større ferjer, og sikrar øybuarane meir stabil mobilitet i åra framover. Sandesambandet er hovudferdselsåra til mange folk og bedrifter som er heilt avhengig av ferjetrafikken. Aurstad har gjort mange tiltak.
Vi har breiddeutvida brubåsar, bygt nye landkar, levert komplette ferjebruer, bygd nye fullverdige kaikonstruksjonar i stål, og lagt opp nye tekniske installasjonar, som EL, VA og hydraulikk i tilknyting til kaiene. Vidare har vi mudra og undervassprengt 3 500 m³ sjøbotn.
Det er satt 996 m med pelar. 277 m med spunt og 140 m stålkjerner. Det er vidare satt 192,5 tonn armering og støypt 890 m³ betong. Ytst på kaiene har vi bygd dykdalb, som er ein kraftig betongkonstruksjon, også den fundamentert med bora stålrøyrspelar.
Stålkaiene er bygd opp seksjonsvis av hovudbjelkar i HE1000B som skrudde sambindingar, samansett med to pelerekker, ved hjelp av skråstag og horisontalstag. Langs hovudbjelken er det fastmontert utstyr som gangbane, tekniske føringar, lysmaster og rekkverk. Ferjebruene er hengt opp i nye heisetårnrammer, som er ein konstruksjon av indre og ytre heisetårn, sikringsbjelke og støttestag, forankra i nyetablert landkar-konstruksjonar av betong.
På land har vi bygd fundament for ilandføring av tilleggskai, vi har etablert grøfter for teknisk anlegg, vi har montert nye aggregathus og andre konstruksjonar for EL, VA og hydraulikk. Til slutt har vi lagt ny masse på oppstillingsplassar og avslutta med ny asfalt og vegoppmerking. I tillegg har vi utført eit komplekst rivingsarbeid av gamle kaikonstruksjonar av betong og stål.
– Vi har mildt sagt vore gjennom eit omfattande og variert arbeid. Mykje av jobben vi har gjort ligg også under vasspegelen, og det meste arbeidet vi har gjort har gått føre seg medan ferjetrafikken har gått som normalt. Det sett krav for logistikk, men gjennom eit godt forhold til både ferjemannskap, ferjeselskap og dei lokale, så har det gått overraskande knirkefritt, seier Pål-Are Vadstein.
Tilsette med høg kompetanse
Saman med ein dyktig byggherre og kompetente underleverandørar, har Aurstad greidd å levere prosjektet innan tidsfrist, men ikkje minst levere eit prosjekt av god kvalitet. Prosjektleiaren vår Pål-Are Vadstein har gode ord for dei som jobbar knallhardt ute på anlegg og som har vore med å realisert dette prosjektet:
Våre eigne folk i Aurstad kan vi ikkje få fullrost nok. Det er ein stå-på-vilje som ein skal leite lengje etter. Alle har ein stor indre motivasjon om å lukkast. Dette er eit type prosjekt som også krev eit stort spekter av kompetanse. Det er graving, sprenging, stålmontasje, sveising, betong, sjøarbeid, forankring og peling. Når vi klarer å levere slike prosjekt, er det eit sterkt prov på at ein har mange strengar å spele på, og at arbeidsstokken vår sit på mykje kunnskap og evner.
Godt samarbeid gje godt resultat
Til slutt vil vi i Aurstad trekke fram det gode samarbeidet med byggherre Møre og Romsdal fylkeskommune. Det gjer jobben enklare for ein entreprenør å samarbeide med ryddige og profesjonelle aktørar. Vi har dradd i same retning heile vegen. Underentreprenørane som har bidratt har vore solide og viktige brikker i det heilskaplege prosjektet.
No ser vi fram til å gjere ferdig det siste arbeidet som står att i januar. Aurstad er stolt av å stå for realiseringa av eit så samfunnsnyttig infrastrukturprosjekt, og vi tek meir enn gjerne på oss eit liknande prosjekt i framtida.
Møre og Romsdal fylkeskommune skal ha ei offisiell opningsmarkering for kaiene på nyåret, når ny ferje er på plass. Denne markeringa vil vere open for alle.