Gemini-konferansen i Trondheim

Aurstad reiste nyleg til Trondheim og deltok på Gemini-konferansen i regi av Volue. Der fekk vi ei skikkeleg positiv overrasking.

Overraska med pris 1

Fagleg påfyll

Aurstad reiste til Trondheim og deltok på Gemini-konferansen den 18-19 november i regi av Volue.

Konferansen samlar kvart år fleire hundre deltakarar frå kommunal sektor, entreprenørar, rådgivarar og mange andre. Dette er ein konferanse for kundar av Volue som bruker produkter av Gemini, og Volue er den største leverandøren av programvare til geomatikarar i Norge.

Dette var ei spennende samling for geomatikkavdelinga vår som reiste oppover for fagleg påfyll.

Overraska med pris

Det store høgdepunktet for oss var nok at vår avdelingsleiar i geomatikk, Ola Vik Aarseth, stakk av med årets innovasjonspris!

Her er grunngjevinga til Volue:

«Ola har utmerket seg som en initiativrik og dedikert pådriver for innovasjon og utvikling av Gemini-porteføljen. Han har med sine konstruktive innspill og løsningsorienterte tilnærming vært en viktig pådriver til videreutviklingen av programvaren.

Gjennom sitt engasjement har han vært med på å påvirke utviklingen i Gemini Terrain. Spesielt vil vi trekke frem bidraget i forbindelse med forbedring av brukeropplevelse og smidigere jobbing i vegprosjekteringsmodulen.

Ved aktivt å komme med ideer og løsninger, viser Ola et tydelig engasjement for kontinuerlig forbedring og innovasjon, noe som gjør han til en verdig mottaker av innovasjonsprisen.»

Overraska med pris 2
Avdelingsleiaren vår innanfor geomatikk, Ola Vik Aarseth, var overraska, glad og audmjuk over innovasjonsprisen han fekk tildelt.

Vi er veldig stolt av deg Ola, og prisen er fullt fortjent.

Geomatikk er eit satsingsområde for oss i Aurstad. Geomatikkavdelinga vår har brei kompetanse innanfor fleire ulike område og kan handtere eit bredt spekter av oppgåve.