Skal etablere gang- og sykkelveg
Aurstad sett i gang med eit nytt prosjekt på Averøya i Møre og Romsdal.

Fylkeskommunalt prosjekt
Dei siste åra har Aurstad utført fleire prosjekt for Møre og Romsdal fylkeskommune. No er det klart at vi har fått tidelt eit nytt fylkeskommunalt prosjekt på Averøya: Bådalen-Vebenstad. Aurstad skal byggje ein gang- og sykkelveg og ei ny gangbru over Bådalselva. Gang- og sykkelvegen som skal etablerast ligg mellom Bådalen og Vebenstad i Averøy kommune. Strekninga er om lag 1 km og har ein gjennomsnittleg trafikk på 2800 bilar i døgnet.
I tillegg skal Aurstad stå for ei utbetring av busslommer og av krysset mellom fylkesveg 64 og 6084 i Nedalsveien.
– Vi er særs glade for å ha signert kontrakt for dette prosjektet. Det gode samarbeidet vi har hatt med byggherre i tidlegare prosjekt har vore svært verdifullt og eit godt grunnlag for vidare samarbeid, seier Jo Stian Tverberg, administrerande direktør i Aurstad.
Erfaring med vegbygging og konstruksjonar
Aurstad har fleire års erfaring med utvikling av ulike typar veganlegg. Vi leverer alt frå mindre gangveg til store prosjekt som har europaveg-standard.
Vi har interne ressursar med stor kompetanse knytt til vegplanlegging, VA-anlegg, geomatikk og betong- og stålkonstruksjonar.
– Dette prosjektet gir oss ein flott moglegheit til å utnytte vår breie kompetanse og kapasitet innan fleire ulike fagfelt der vegbygging, VA, geomatikk og betongkonstruksjonar er sentralt, seier Jo Stian Tverberg.
Ga best tilbod
Av alle dei som ga tilbod til prosjektet var det Aurstad som ga det beste tilbodet basert på både pris, kvalitet og klima- og miljøpåverknad.
Vegen er mellom anna skoleveg for Bådalen friskole. Med å byggje den nye gang- og sykkelvegen på Averøya skal det leggast meir til rette for mjuke trafikantar. Det skal bli trygt å ferdast på strekninga og at det skal leggje til rette for at fleire går og syklar i staden for å køyre bil.
– Vi ser fram til å setje i gang arbeidet med dette prosjektet og fortsette det gode samarbeidet i lag med Møre og Romsdal fylkeskommune, avsluttar Jo Stian Tverberg.
Aurstad sett i tida framover i gang planleggingsprosessen rundt prosjektet.
Følg oss gjerne på Facebook for fleire oppdateringar frå våre prosjekt: