Tre nye lærlingar godt i gang hos Aurstad

Jonathan, Frode og Noah er dei nyaste lærlingane våre – og fekk ein solid start på læretida si gjennom ei lærerik og sosial lærlingveke.

Tre nye lærlingar godt i gang hos Aurstad 1
1000028149

Ei veke for læring, fellesskap og tryggleik

Aurstad tok imot tre spente lærlingar i brakkeriggen i Hovdebygda søndag den 18. august. Dermed var starten sett for ei innhaldsrik og nøye planlagt lærlingveke – eit viktig ledd i å sikre både trivsel og tryggleik frå første dag. Therese Holen og Jan Reite har etablert eit solid team som følg lærlingane tett i arbeidskvardagen i Aurstad. Dei har ei spesiell og viktig oppgåve om å følgje lærlingane våre tett i lærlingtida. Ein god start er i følgje dei heilt avgjerande.

– Målet vårt er å gi dei eit godt fundament før dei skal ut i prosjekta våre. Det handlar både om fag, HMS og fellesskap, seier Jan Reite.

Gjennom fem hektiske dagar har lærlingane fått opplæring i alt frå personalhandbok og HMS-rutinar, til førstehjelp, verneutstyr og dei digitale systema Aurstad nyttar i det daglege arbeidet. Dei har også fått besøke fleire av våre pågåande prosjekt, møtt kollegaer og kome tettare på anleggskvardagen.

Dette er dei nye lærlingane

Frode Sjøthun Kvam er 18 år og frå Hafslo i Sogn. Han har gått på Sogndal VGS, og maskiner har alltid fascinert han.

– Eg har fått eit godt inntrykk av Aurstad. Me vart tatt godt imot, og eg føler meg klar for å komme i gang ute på prosjekt, seier Frode. På sikt håpar han å få jobbe med maskin og sprenging – så lenge han trivst i kvardagen.

Noah Lødemel Hansen kjem frå Sykkylven, og har gått anleggsteknikk både ved Sykkylven og Borgund VGS. Med mål om å bli bergsprengar eller prosjektleiar, såg han tidleg at maskinførarfaget var vegen å gå.

– Eg har blitt tatt imot av fine folk og fått mykje god informasjon. Eg ser fram til å utvikle meg som fagarbeidar, og kanskje ta meir ansvar på sikt, seier Noah.

Jonathan Strand Kalvøy kjem frå Averøya og har gått på Borgund VGS. Han ser på læretida som eit springbrett mot draumen om å jobbe med boring og sprenging.

– Det har vore ei kjekk og lærerik veke. Det mest spennande var å få kome ut på anlegg og sjå prosjekta våre, seier Jonathan, som gleder seg til å lære meir om maskin og GPS-styring framover.

Tre nye lærlingar godt i gang hos Aurstad 2
Frå venstre: Frode Sjøthun Kvam, Noah Lødemel Hansen og Jonathan Kalvøy er 1. års lærling i maskinførarfaget. No ser dei fram til å bli ein del av Aurstad-laget.

Fagleg og sosialt – eit viktig fundament

Lærlingveka er sett saman av både teoretiske og praktiske delar. Gjennomgangen av personalhandboka, HMS, YM og KS-systemet vårt vart gjort i passande tempo, og med fokus på forståing og tryggleik. Det vart også sett av tid til quiz, førstehjelpskurs og prosjektbesøk – og ikkje minst pizzaavslutning på fredag.

– Ved å bruke ei heil veke på opplæring, får vi ei betre forståing frå starten av. Det sparar både tid og pengar i lengda, når vi gjer jobben rett første gong, seier Therese.

Aurstad legg også vekt på fellesskapet mellom lærlingane – mange bur for første gong borte frå heimen. Ved å bu saman og starte læretida i lag, skaper dei både tryggleik og samhald.

Kva skjer vidare?

No ventar arbeidskvardagen på dei tre lærlingane. Dei går rett inn i prosjekta sine, og blir tatt godt imot av anleggsleiing og kollegaer. Jan og Therese følger opp med samtalar og prosjektbesøk i tida framover.

– Vi sit igjen med eit veldig positivt inntrykk etter årets lærlingveke. Dette er ein flott gjeng, og vi gleder oss til å følge utviklinga deira vidare, avsluttar Jan og Therese.

Lukke til i tida framover, Jonathan, Frode og Noah!

Tre nye lærlingar godt i gang hos Aurstad 3