Vi endrar namn
Aurstad riggar seg for vidare vekst. Vi ønskjer å informere om at vi har valt å gjere namnendringar i konsernet.
To av selskapa endrar namn
For å tydeleggjere strukturen i konsernet og synleggjere breidda i tenestene våre, har vi beslutta å endre namn på to av selskapa i Aurstad-konsernet.
Hovudselskapet, som tidlegare har vore kjend som Aurstad AS, blir no døypt om til Aurstad Gruppen AS. Driftsselskapet som har hatt namn Aurstad Tunnel AS tek no namnet Aurstad AS.
Endringane trer i kraft i desember og markerer eit viktig steg i vidareutviklinga av selskapet. Det handlar om å ta posisjon for framtida.
– Denne endringa handlar ikkje berre om namn, men om strategi og retning. Vi ønskjer å synleggjere at vi tilbyr ei brei portefølje av tenester, langt utover tunnel. Aurstad har stor og tverrfagleg kompetanse innan fleire disiplinar, og dette ønskjer vi at kundar og samarbeidspartnarar skal sjå endå tydelegare, seier Jo Stian Tverberg, administrerande direktør i Aurstad.
Totalentreprenør
Aurstad har eit tydeleg mål om å ta på seg fleire prosjekt som totalentreprenør. Namneendringa vil gjere det enklare å skilje mellom konsernfunksjonane og driftsselskapa, samtidig som vi styrkar merkevara Aurstad.
– Desse endringane skildrar Aurstad på ein meir dekkande måte. Vi er ein totalleverandør – frå planlegging og prosjektering til gjennomføring og ferdigstilling. Namneendringa speglar den samla kompetansen vår og den retninga vi no går i, seier Tverberg.
Slik blir den nye strukturen i selskapet:
Jubileumsår – og eit blikk mot framtida
I år er det 40 år sidan Aurstad blei etablert av Kjell Arne Aurstad – den gong som K.A. Aurstad. Mykje har skjedd dei siste 40 åra, og jubileumsåret markerer både kor vi kjem frå og kva vi ønskjer å vere i framtida.
No riggar vi oss for vidare vekst, sterkare posisjonering og ei klar satsing på å vere ein komplett leverandør av entreprisar i åra som kjem.
Vi kjem tilbake med meir informasjon til våre leverandørar.