Aurstad søker etter anleggsleiarar
Vi treng fleire dyktige medarbeidarar til å gjennomføre oppdraga våre og vi søker difor etter anleggsleiarar.
Arbeidarane i Aurstad er kjernen i firmaet og legg grunnlaget for vår suksess. Det er difor viktig at våre tilsette har god kompetanse, er gode lag- og relasjonsbyggarar og motiverte. Vi treng arbeidarar som viser ansvar, tek initiativ og er engasjerte i det vi arbeider med. Dette er avgjerande for å skape effektiv drift av våre prosjekt. Har du lyst å vere med på laget?
Arbeidsoppgåver:
Leie tildelte prosjekt med vekt på følgande ansvarsområde:
- Planlegging/ organisering, drift, bemanning og underentreprenørar
- HMS og kvalitet
- Kontraktsoppfølging og avvikshandtering
- Innkjøp og oppfølging av leveransar
- Oppnå økonomiske målsettingar og rapportering
- Delta i anbods- og tilbodsprosessar ved behov
Vi ser etter deg som har/er:
- Relevant utdanning og arbeidserfaring
- Leiarerfaring
- Gode IT- kunnskapar
- Gode ferdigheiter i norsk, skriftleg og munnleg
- Fokus på kvalitet, HMS og økonomi
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Lag- og relasjonsbyggar
- Påliteleg, ansvarsbevisst og nøyaktig
- Initiativrik og handlekraftig
- Analytisk og resultatorientert
Vi tilbyr:
- Godt arbeidsmiljø
- Spennande prosjekt
- Innovativ arbeidsplass, får vere med på å skape, kort veg til avgjerd
- Konkurransedyktige lønns- og pensjonsordningar
- AFP-bedrift
Søknadsfrist: 15.12.2024
Kontaktperson: Prosjektsjef Bjørn Inge Falling – Telefon: 907 04 921
Viss dette høyrer interessant ut for deg, send oss gjerne ein søknad og CV her: