Aurstad søker etter anleggsrøyrleggar

På grunn av auka oppdragsmengde treng vi å styrke røyrleggarlaget vårt og søker no etter ein dyktig og erfaren anleggsrøyrleggar.

Vi søker etter anleggsrøyrleggar 1
Har du lyst å vere med på laget vårt? Ein anleggsrøyrleggar i Aurstad får ein variert og innhaldsrik kvardag.

Om oss

Aurstad er eit norsk anleggsentreprenør-konsern som byggjer infrastruktur, som til dømes vegar og tunnelar, flyplassar, kraftanlegg og kommunaltekniske anlegg. Hovudkontoret vårt ligg i Hovdebygda i Møre og Romsdal, men vi har også kontor i Nordfjordeid, Ålesund og Bodø. Vårt marknadsområde er hovudsakleg på Vestlandet, men vi har tatt og tek gjerne på oss prosjekt i Nord-Noreg.

Vi har om lag 130 tilsette i Aurstad. Arbeidarane er kjernen i firmaet og legg grunnlaget for vår suksess. Det er difor viktig at våre tilsette har god kompetanse, er gode lag- og relasjonsbyggjarar og motiverte. Vi treng arbeidarar som viser ansvar, tek initiativ og er engasjerte i det vi arbeider med. Dette er avgjerande for å skape effektiv drift av våre prosjekt.

Arbeidsoppgåver:

  • Anleggsrøyrlegging VA
  • Monteringsarbeid VA-installasjonar
  • Røyrlegging elektro
  • Grunnarbeider

Vi søker deg som har/er:

  • Erfaring frå tilsvarande arbeid
  • ADK1-sertifikat
  • Fagbrev som anleggsrøyrleggar er ønskeleg
  • Førarkort kl. B/BE
  • Gode haldningar til kvalitetsarbeid, HMS og miljø
  • Sjølvstendig og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Vilje og ønske om utvikling av eigen kompetanse
  • Trivast godt med fysisk arbeid og å arbeide ute
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg.

Vi tilbyr:

  • Godt arbeidsmiljø
  • Spennande prosjekt
  • Innovativ arbeidsplass, der du får vere med på å skape
  • Ryddige bo- og arbeidsforhold
  • Konkurransedyktige vilkår med gode løns- og pensjonsordningar, AFP-bedrift

Tilsette i Aurstad må reikne med å bo vekk på anleggssted, og å arbeide etter godkjente innarbeidingsordningar (rotasjon).

Søknadsfrist: 18. mars 2025

Kontaktinformasjon: avdelingsleiar VA Trond Åge Thomassen, tlf.: 922 59 574

Kunne dette vore interessant for deg? Send oss ein søknad og din CV i skjemaet under: