Vi søker etter geomatikar
Geomatikk er eit satsingsområde for Aurstad og vi søker no etter fleire tilsette til vår sterke geomatikkavdeling.

Ein geomatikar i Aurstad Tunnel AS driv med feltarbeid, masseberekning, digital dokumentasjon, sluttleveransar og oppfølging av produksjonsvolum.
Aurstad er ein leiande aktør innan bygg- og anleggsbransjen, og som geomatikar i Aurstad er du ein nøkkelperson i prosjektgjennomføringa vår. Du blir ein viktig støttespelar for anleggs- og prosjektleiinga, og blir ein viktig brikke i prosjekta våre frå start til slutt.
Vi verdsett å ha medarbeidarar som viser ansvar og tek initiativ, og er engasjerte i det vi arbeider med. Du vil vere med på eit lag med stor fagleg kompetanse, og bidra til å utvikle dette vidare.
Aurstad Tunnel AS har behov for å utvide geomatikkavdelinga vår. Vi ønsker difor å knytte oss til oss fleire tilsette som vil delta i det gode miljøet som vi har skapt her.

Vi søker deg som har/er:
- Relevant utdanning, fortrinnsvis teknisk fagskule, bachelor- eller masterutdanning
- Relevant arbeidserfaring, eller nyutdanna med relevant utdanning
- Førarkort kl. B
- Fokus på kvalitet, HMS og økonomi
- Framoverlent, engasjert og lærevillig
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Påliteleg, ansvarsbevisst og nøyaktig
- Vilje og ønske om utvikling av eigen kompetanse
- Lag- og relasjonsbyggar
- Nødvendige datakunnskapar
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Vi tilbyr:
- Godt arbeidsmiljø
- Spennande prosjekt
- Innovativ arbeidsplass. Du får vere med på å skape, med korte vegar til avgjersle
- Konkurransedyktige lønns- og pensjonsordningar
- AFP-bedrift
Søknadsfrist: Vurderast fortløpande
Kontaktperson: Avdelingsleiar for Geomatikk, Ola Vik Aarseth, tlf.: 458 69 056
Viss dette høyrer interessant ut for deg, send oss gjerne ein søknad og legg ved CV i skjemaet under: