Vi søker innkjøpsleiar

Vil du ha reell påverknad på lønsemd og gjennomføring i store infrastrukturprosjekt over heile landet?

Vi søker innkjøpsleiar 1

Aurstad er i sterk utvikling, med fleire store og komplekse prosjekt og eit betydeleg årleg innkjøpsvolum. No søkjer vi ein offensiv og strukturert innkjøpsleiar som vil vere med å styrke vår innkjøpsfunksjon og bidra direkte til lønsemd og gjennomføringsevne i prosjekta våre.

Hos oss får du jobbe tett på drift, prosjektleiing og leiing – og du vil få reell påverknad på resultat.

 

Arbeidsoppgåver

Som innkjøpsleiar får du overordna ansvar for planlegging, gjennomføring og vidareutvikling av innkjøpsarbeidet i selskapet. Du vil arbeide både strategisk og operativt.

Sentrale oppgåver vil vere:

  • Leiing og vidareutvikling av innkjøpsfunksjonen
  • Prosjektinnkjøp i tett samarbeid med prosjektleiing
  • Innhenting av prisar og gjennomføring av førespurnadsprosessar
  • Forhandling og kontrahering av leverandørar og underentreprenørar
  • Forhandling av prosjektinnkjøp med tydeleg kommersielt fokus
  • Etablering og oppfølging av rammeavtaler
  • Aktiv deltaking i tilbodsfase og kalkulasjon
  • Leverandørutvikling og optimalisering av totale innkjøpskostnader
  • Bidra til struktur, system og beste praksis innan innkjøp

Du vil ha ei sentral rolle i fleire av våre største prosjekt, og vere ein viktig sparringspartnar for prosjektleiarar.

 

Kven ser vi etter?

Vi søkjer deg som kombinerer struktur og analyse med kremmerånd og gjennomføringsevne.

Ønskt kompetanse og erfaring:

  • Høgare utdanning innan tekniske og/eller økonomiske fag
  • Gjerne erfaring frå bygg- og anleggsbransjen
  • Solid erfaring med prosjektinnkjøp og forhandlingar
  • God kontraktsforståing
  • Evne til å setje deg inn i tekniske beskrivingar
  • Gode norsk- og engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar:

  • Sterk kommersiell teft
  • Tydleg «kremmerånd»
  • Strukturert og systematisk
  • Trygg forhandlar som tør å stå i krevjande prosessar
  • Samarbeidsorientert og løysingsfokusert
  • Resultatorientert med høg gjennomføringsevne

Vi tilbyr:

  • Ei sentral rolle i eit selskap i utvikling
  • Arbeid med store og samfunnsviktige prosjekt
  • Betydelig ansvar og påverknad
  • Eit sterkt og uformelt fagmiljø
  • Konkurransedyktige vilkår

Om oss

Aurstad er ein solid entreprenør innan bygg og anlegg, med hovudtyngde på større infrastrukturprosjekt. Vi gjennomfører komplekse prosjekt innan mellom anna samferdsel, kraft og tunnel. Eit døme er prosjektet Tussa II, der vi er engasjert som entreprenør for sentrale delar av bygginga av det nye kraftverket på Bjørke i Møre og Romsdal.

Vi har mange store prosjekt parallelt, høgt innkjøpsvolum og eit sterkt fagmiljø – og vi veit at godt og profesjonelt innkjøpsarbeid er avgjerande for suksess.

Vi trur på korte beslutningslinjer, høg tillit og at dei beste løysingane kjem gjennom tett samarbeid mellom fag og prosjekt.

Vil du vere med og styrke Aurstad si kommersielle slagkraft i marknaden?

Stad: Etter nærmare avtale
Søknadsfrist: 4. mars
Har du spørsmål om stillinga? Kontakt Jo Stian Tverberg (telefon: 993 60 244)

Kunne dette vore interessant for deg? Send oss en søknad og din CV i skjemaet under:

Vi søker innkjøpsleiar 2
:
Vi søker innkjøpsleiar 3
:
Vi søker innkjøpsleiar 4
: