Vi søkjer etter erfarne tunneldrivarar
Aurstad har fått nye tunneloppdrag og har difor behov for å styrkje laget vårt. Vi søkjer etter følgjande: formann tunnel, tunnelarbeidarar, anleggsmekanikar og sprøyteoperatørar med erfaring.
Om oss
Aurstad er eit norsk anleggsentreprenørkonsern som byggjer infrastruktur, som til dømes vegar og tunnelar, flyplassar, kraftanlegg og kommunaltekniske anlegg. Hovudkontoret vårt ligg i Hovdebygda i Møre og Romsdal, men vi har også kontor i Nordfjordeid, Ålesund og Bodø. Marknadsområdet vårt er hovudsakleg Vestlandet, men vi tek på oss prosjekt i store delar av Noreg.
Vi har om lag 150 tilsette i Aurstad. Arbeidarane er kjernen i firmaet og legg grunnlaget for suksessen vår. Difor er det viktig at dei tilsette våre har god kompetanse, er gode lag- og relasjonsbyggjarar og er motiverte. Vi treng arbeidarar som viser ansvar, tek initiativ og er engasjerte i arbeidet sitt. Dette er avgjerande for å skape effektiv drift i prosjekta våre.
Vi søkjer deg som helst har følgjande kompetanse/eigenskapar:
- Fagbrev i fjell- og bergverksfaget
- Praktisk erfaring med berginjeksjon for underjordsanlegg
- S2 sprøytebetong til bergsikring
- Bergsprengjarsertifikat
- Førarkort kl. C
- Kompetansebevis for masseforflyttingsmaskiner
- ADR-sertifikat
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- Erfaring frå tilsvarande arbeid
- Fokus på kvalitet og HMS
- Engasjert og løysingsorientert
- Sjølvstendig, men trivst også med å jobbe saman med andre med varierte oppgåver
Vi tilbyr:
- Godt arbeidsmiljø
- Ein innovativ arbeidsplass der du får vere med å skape
- Ryddige bu- og arbeidsforhold
- Konkurransedyktige vilkår med gode lønns- og pensjonsordningar, AFP-bedrift
Søknadsfrist: Søknadar vert vurderte fortløpande
Kontaktinformasjon: Fagansvarleg tunnel Andor Ørstavik Håskjold, tlf.: 907 55 838
Kunne dette vore interessant for deg? Send oss ein søknad og din CV i skjemaet under:



