Styret vårt
Aurstad leiast av eit kompetent og erfarent styre som bidreg til å sikre selskapets strategiske utvikling og langsiktige vekst. Styret har også det overordna ansvaret for å forvalte selskapet og føre tilsyn med selskapets daglege drift. Styret veljast av generalforsamlinga og er uavhengig av leiinga.
Styret i Aurstad består av fem styremedlemmar. Alle har ulik fagleg bakgrunn, men har komplimenterande fagområde og erfaring i og utanfor bedrifta. Saman skal dei bidra til at Aurstad fortsett å utviklar seg i riktig retning.
Styremedlemmar
Cato Aurstad
Cato Aurstad er driftsdirektør og den største eigaren i Aurstad. Han er sentral i anbodsprosessar og har blant anna eit leiande ansvar med å velje ut kva prosjekt Aurstad konkurrerer om. Han har vore ein del av familiefirmaet i heile sitt aktive arbeidsliv, i fleire ulike sentrale rollar. Noko som gjer at han kjenner bedrifta si historikk særs godt.
Siri Engesæth
Siri Engesæth har brei erfaring med berekraft i næringslivet, både strategisk og operativt. Ho har leia internasjonale miljøprosjekt, utvikla programvare for oppfølging av etiske og miljømessige krav i leverandørkjeder og deltatt i miljøteknologiprosjekt for store verksemder. Med djup innsikt i regulering, digitalisering og forretningsstrategi har ho alltid hatt fokus på å gjere berekraft lønsamt.
Torunn Melle
Torunn Melle kjenner bedrifta særs godt og har ansvaret for løn og personaloppfølging som løn- og personalansvarleg i Aurstad. Ho har solid erfaring frå fagfeltet, og har blant anna vore utsendt frå Utanriksdepartementet som administrativ ambassadesekretær til EU-delegasjonen i Brussel i fem år, og lokalt tilsett på NATO-delegasjonen i tre år. Ho blei tilsett i Aurstad i 2014 og har med det jobba over 10 år i bedrifta vår. Torunn har ei tett oppfølging mot dei tilsette sine rettar, opp imot lovverket og andre vilkår.
Johs. A. Aspehaug
Johs. A. Aspehaug er til dagleg partner i advokatfirmaet Øverbø Gjørtz AS, og arbeider blant anna med styrearbeid og generell forretningsjus. Johs. har god erfaring med forretningsjuridisk bistand, med hovudvekt på entreprise og avtalerett, men også selskapsrett og selskapsstyring. Han har ei lang erfaring med rådgiving og bistand til entreprenørar og byggherrar i bygg- og anleggsbransjen. Aurstad har hatt eit nært samarbeid med Johs. i mange år, noko som gjer at han kjenner bedrifta godt.
Tormod Stigen
Tormod Stigen er ingeniør og har over 40 års erfaring frå anleggsbransjen. Dei første 10 åra var han byggherre ute på vasskraftprosjekt, han har 28 år som entreprenør og no snart 5 år som sjølvstendig konsulent innan anleggsfaga. Tormod har også jobba med tunnelrelaterte prosjekt for vasskraft, veg og bane. I tillegg har han også leia og gjennomført større prosjekt innan masseforflytting, industribygg og fundamentering. Han har verdifull leiarerfaring frå dei fleste nivå i bransjen, frå driftsleiar til dagleg leiar.