Møt: Pål-Are Vadstein
Han har funne ein indre motivasjon og drivkraft, både på jobb og på fritida. Pål-Are elskar å utvikle kompliserte bygg- og anleggsprosjekt og vandre til fots og på ski i fjellheimen.
Pål-Are Vadstein er ørsting og prosjektleiar i Aurstad. Han har 17 års erfaring frå bygg- og anleggsbransjen. Han har også hatt leiande rollar som anleggsleiar, byggeleiar og prosjektleiar, både i offentleg og privat sektor. Han har difor erfaring med å sitte på båe sider av bordet i samband med gjennomføring av prosjekt. Det ligg utan tvil ein stor indre motivasjon hjå Pål-Are til å bidra med å realisere fleire ulike samfunnsutviklande prosjekt.
– Eg er så heldig å ha fått vore med på mange spennande bygg- og anleggsprosjekt. Alt i frå leilegheitskompleks, idrettshall, veg, tunnel, mudring og ferjekaier for å nemne noko. Eg har vore bort i dei fleste entreprisar; alt frå totalentreprisar, generalentreprisar og hovudentreprisar, til sideentrepriser og underentrepriser. For meg ligg det enormt stor motivasjon i kunne få sjå konkrete resultat av det ein har vore med på, seier Pål-Are Vadstein.
Prosjektleiing og fjell
Pål-Are synes han har funne ein god dynamikk mellom arbeid og fritid. Etter å ha vokst opp i Ørsta, har han forelska seg i Sunnmørsalpane. Å gå i fjellet, både til fots og på ski, har blitt hans aller største hobby. Han synes kombinasjonen mellom prosjektleiing og fjellturar er heilt perfekt. For det er på fjellet mange av utfordringane blir løyst.
– Det er utruleg kva underverk det kan gjere i forhold til å sjå saker på jobb frå nye vinklar og finne nye vegar ut av kompliserte utfordringar. Mang ei «fastlåst» sak i eit prosjekt på jobb har funne si løysing på ein tind i Sunnmørsalpane. For meg er fjellturane eit verktøy i seg sjølv, for at eg skal yte best mogleg på jobb og for at eg skal vere ein best mogleg prosjektleiar, seier Pål-Are.
Interessa er unekteleg stor, men etter å ha stort sett gått alle toppane i nærområdet, har Pål-Are også utvikla ein stor detaljkunnskap om fjellheimen på Sunnmøre. Han har nemleg også skreve to fjellbøker. Den eine heiter «Skjulte perler i Sunnmørsalpane» og den andre heiter «Skispor i Sunnmørsalpane».
– Bøkene tek for seg «skjulte» toppar i Sunnmørsposten, båe til fots og på ski, og med å ha skreve desse bøkene er dei kanskje ikkje fullt så hemmelege lenger, seier Pål-Are med eit glimt i auge.
Prosjektleiarrolla
Som prosjektleiar har han eit overordna ansvar for prosjektets framdrift, økonomi, kvalitet, HMS og ytre miljø. Ein prosjektleiar leiar prosjektet frå oppstart, gjennom heile gjennomføringsprosessen og fram til overlevering til kunde. I tillegg er dei sentrale i å gjennomføre den interne sluttevalueringa av prosjektet.
– Som prosjektleiar er ein avhengig av å sjå det store biletet gjennom heile prosjektet. Prosjektleiaren har det daglege ansvaret for at prosjektet går etter forventning, og eventuelt initiere tiltak dersom det ikkje gjer det. For at prosjektet skal få best mogleg forutsetningar, er ein tett dialog saman med mine dyktige anleggsleiarar og formenn særs viktig, seier Pål-Are.
Han legg ikkje skjul på at prosjektleiarrolla er ei krevjande rolle, men at den er samtidig også er veldig spennande og givande. Han er tydeleg på at det skal vere rom for ulike meiningar, usemje og diskusjonar i prosjektet.
Det å vere prosjektleiar er eit spennande skjeringspunkt mellom det reint faglege og tekniske, og det menneskelege og relasjonsbygging. Eg likar å sitje på ansvar og å få vere med på å prege det som skjer i prosjekta. Å vere ein del av eit lag og skapa noko saman, motivere kollegaer, handsame interne innspel, og sy dette saman til ein god gjennomføring i prosjektet, er krevjande og utfordrande, men også noko som triggar meg veldig.Pål-Are Vadstein, prosjektleiar i Aurstad
Ein må gjere seg fortent til tillit
Ein del av prosjektleiarrolla er også å samarbeide med fleire eksterne aktørar, som eksempelvis byggherrar og underentreprenørar. Å skape eit samarbeid som er prega av tillit, respekt og profesjonalitet, er noko Pål-Are verdsett høgt.
– Ein må gjere seg fortent til tillit, og det kjem ikkje av seg sjølv. Då er det viktig å vise til byggherre og sine underentreprenørar at ein er ein seriøs aktør. Ein må vere førebudd til oppgåva. Ein må følgje opp sine administrative plikter i kontraktsforholdet, og vise byggherren at ein har med å gjere ein entreprenør som verkeleg bryr seg. Ein må vise at ein er på ballen, seier Pål-Are.
Arbeidskvardagen i Aurstad
Pål Are har eit spesielt fokus på at dette er eit lagspel. For å kunne utvikle kompliserte og komplekse prosjekt, er ein er avhengige av mange dyktige fagfolk innanfor fleire ulike fagområde. Han kjenner på ei spesiell og sterk lagkjensle i Aurstad.
– Det er ei sterk kjensle av å vere i same båt. Folk står opp for kvarandre og eg vil særleg trekke fram den gode haldninga mellom kollegaer til å seie ja og hjelpe til om ein spør. På dette feltet vil eg påstå at det er ein særskild god kultur i Aurstad. Den er det viktig å ta godt vare på vidare. Så erfarer eg vidare at arbeidsmiljøet ber preg av jordnære folk. Ein plass ein kan vere seg sjølv og senke skuldrane, seier Pål-Are.
Krava til entreprenørane blir stadig strengare, og Pål Are meiner det er heilt essensielt at alle stiller skjerpa på jobb. Han har klare tankar på korleis ein ideell arbeidsdag ser ut i eit prosjekt som prosjektleiar.
– Mannskap og maskiner durar på og folk veit kva dei skal gjere til ein kvar tid. Anleggsleiar og formenn har kontroll, og verdiskapinga i prosjektet går godt. Eg har gjerne starta dagen på kontoret, og stikk eit par timar ute felten på anlegget. Eg diskuterer løysingar med maskinførar, og vi legg opp til ein god plan ilag. Vi matar på med produksjon, og får skryt frå oppdragsgivar. Alle har kontroll på sine oppgåver, og er godt førebudd på kva morgondagen også skal innebere av produksjon. Dette er ein bra dag på anlegg, seier Pål-Are.
Det er likevel ei spesiell kjensle som gjer at han er ekstra glad i jobben sin som prosjektleiar i Aurstad.
– Det å kunne sjå eit konkret byggverk/konstruksjon/anlegg stå ferdig etter lang og iherdig innsats. Å kunne stå igjen med noko konkret og fysisk etter innsatsen, for deretter å peike på og seie: «Dette har eg vore med på å bygge», seier Pål-Are med eit smil.
Sjekk ut det siste prosjektet Pål-Are var med på å realisere her: